Elevar deltek i beredskapsøvelse
Elevar frå vg2 Transport og logistikk og vg2 Barne- og ungdomsarbeidar på avd. Otta skal tysdag 20. oktober delta som markørar i ein større beredskapsøvelse i Nord-Gudbrandsdalen.
Bakgrunnen for øvelsen er dei føringane for øvelsesaktivitet som ligg i Fylkesdelplan for utvikling av sivilt beredskap 2006-2009, og øvelsesplanen som ligg i Gudbrandsdal politidistrikt sin plan for utvikling av sivil kriseberedskap. Deltakarar i øvelsen er m.a politi, brannvesen, helsevesen, Oppland Sivilforsvarsdistrikt, Fylkesmannen i Oppland, Oppland Røde Kors og Norske Kvinners Sanitetsforening. Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Otta er bedne om å stille elevar som markørar, slik at øvelsen blir så realistisk som mogleg. Leiinga ved skulen skal også delta, og øve kriseleiing ved ulykker der elevar ved skulen er involverte.
Måndag 12. oktober var øvingsleiar, politioverbetjent Arne I. Strøm ved skulen og informerte elevane om øvelsen og sa litt om kva for roller han ønskjer at elevane skal spele i den. Elevane fekk også med seg skriv heim til foreldra, der dei blir bedne om å spele "engstelege" foreldre under øvelsen. Elevane lærte mykje om Norsk Redningsteneste under foredraget, og ser fram til å lære enda meir tysdag i neste veke. Heimesida kjem attende med bilder og meir konkret innhald når øvelsen er over.