Definisjon og mål
Ordbruk eller handling som er krenkjande mot ein person, under dette bruk av vald, høyrer ikkje heime på skulen. Spesielt blir krenkjande åtferd eller diskriminering på grunn av hudfarge, kulturbakgrunn, religion, seksuell legning eller anna mobbing ikkje akseptert på skulen.
For elevar er det § 9a-3 (Det psykososiale miljøet) i Opplæringslova som set krav om vern for alle elevar mot slike handlingar med ordlyden: ”Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.”
For tilsette er det § 4-3 (3) i Arbeidsmiljølova som seier: ”Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.”
Skulen sitt mål er at mobbing eller anna krenkjande åtferd ikkje skal finnast på skulen, og om det skjer skal det umiddelbart setjast i verk tiltak for å stanse den uønska åtferda.
Førebygging
Skulen skal arbeide for å skape haldningar som reduserer risikoen for krenkjande åtferd og aukar sjansen for løysing av problemet.
Årshjul:
- Ved skulestart skal rektor i si velkomsttale tydeleg markere at mobbing og trakassering ikkje er akseptert på denne skulen.
- Ved mottak av klassa og vidare arbeid med klassemiljøet skal kontaktlærar fokusere på haldningar hos elevane mot alle former for mobbing, trakassering og vald, på konsekvensar det kan få for den som blir utsett for det og for den som står for slik åtferd. Ansvaret til fellesskapet i klassa om å stoppe slik åtferd er også viktig.
- I løpet av dei første to månadene av skuleåret skal rektor eller avdelingsleiar besøke klasse og ta opp problemet med mobbing og trakassering.
- Rektor skal minst to gonger i løpet av skuleåret ta opp mobbing og trakassering som tema i skulemiljøutvalet.
- ”Elevundersøkelsen” vil vise situasjonen for heile skulen.
Avdekking
Opplæringslova § 9a-3, andre ledd, seier at ”Dersom nokon som er tilsett ved skulen , får kunnskap om mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing , diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.”
Det er altså ei handlingsplikt for alle tilsette på skulen.
Skuleleiinga og andre tilsette på skulen er altså pliktige til å gjere det dei kan for å stanse krenkjande åtferd og finne ut kva som har skjedd. Skulen sitt ”Rapportskjema for mobbing, vald og rasisme” skal brukast. (Vedlegg.)
Dersom den som er utsett for krenkjande åtferd ikkje ønskjer at saka skal bli teke opp med den eller dei som har utøvd den krenkjande åtferda, må rektor/avdelingsleiar prøve å overtale den utsette til å gi alle nødvendige opplysingar om kva som er gjort og av kven. Leiinga må vurdere om ein likevel skal ta tak i den/dei skuldige eller få lærarane til eleven til å observere nøye for sjølv å kunne avsløre krenkjande åtferd.
Skulen sitt ansvar for å avdekke og handle ved krenkjande åtferd gjeld i skuletida og på vegen til og frå skulen. Dersom ein elev melder til skulen om krenkjande åtferd utanom skuletida, må rektor/avdelingsleiar likevel vurdere om avdekking og tiltak skal setjast i verk.
Elevar som blir klar over at ein annan elev eller ein tilsett blir utsett for mobbing, krenkjande åtferd, vald eller truslar om vald, har eit ansvar for å seie ifrå til den eller dei som utfører krenkjande åtferd at det ikkje er akseptabelt, eller seie i frå til lærar eller skuleleiinga.
Personar, t.d. elevar, som melder om krenkjande åtferd overfor andre, må få sin identitet verna dersom dei ønskjer det.
Problemløysing
Rektor eller avdelingsleiar i samarbeid med kontaktlærar snakkar med dei som har vorte utsett for eller som har utøvd krenkjande åtferd og med foreldra viss ein finn det nødvendig. Dialog mellom partane er normalt heilt nødvendig for å løyse problemet. Dersom eleven eller foreldra krev det, må rektor gjere eit enkeltvedtak om tiltak for å hindre at den krenkjande åtferda skal gjenta seg.
Dersom den som er utsett for krenkande åtferd ikkje ønskjer at tiltak blir sett i verk, må leiinga vurdere om ein likevel skal gjere dette, samtidig som den utsette blir verna mest mogleg.
Det er viktig at skulen følgjer opp alle involverte og miljøet rundt etter ei tid, t.d. ein månad etter at tiltak er gjennomført.
Kontinuitet
Årshjul. Førebygging må gjentakast minst kvart år.
Aage Lesjø
Rektor