Miljøfyrtårn

Vinstra vidaregåande skule har 13. januar fått godkjent resertifisering som Miljøfyrtårn for nye tre år.

Våren 2007 vart skulen første gong sertifisert som Miljøfyrtårn som den andre vidaregåande skulen i Oppland.  Skulen hadde besøk av sertifisør rett før jul, som mellom seier i sin rapport: 

"Skolen ga et veldig godt inntrykk mht miljøarbeid."

Spesielt er det lagt vekt på skulen sitt arbeid med bruk av energi, som trepelletsfyrt fjernvarmeanlegg og utskifting av glas og ventilasjonsanlegg samt varmesstyring for sparing av energi.  Rapporten er også positiv til at elevar engasjerer seg i miljøarbeidet, mellom anna gjennom system for samling av tomflasker.  Den inneheld også krav til ein handlingsplan framover.  Du kan lese rapporten her.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.