Handlingsplan mot rus

HANDLINGSPLAN MOT RUSMIDLAR FOR VINSTRA VIDAREGÅANDE SKULE

Forord

Med rusmidlar meiner vi tobakk, alkohol og narkotiske stoff, men i dette høve set vi fokus på dei to siste.

 Skulen, som lærings- og oppdragararena, ønskjer å gi klare signal  til elevar og føresette om at bruk av rusmidlar ikkje tolererast i skuletida, og å skape gode haldningar hos dei unge når det gjeld rusmidlar.

Mål

Hovudmålet for skulen sitt  arbeid mot rusmisbruk er å styrke elevane sine haldningar gjennom førebyggjande tiltak.

For å nå dette målet, skal skulen i samarbeid med elevane:

-          Drive eit kontinuerleg haldningsskapande arbeid

-          Fremje trivselstiltak

-          Handheve skulereglementet

-          Fange opp elevar i faresonen

 

Skulen sitt reglement

2.2.2 Åtferd 

Det er ikkje tillate å røyke, bruke snus, eller narkotiske stoff/ andre rusmidlar i skulen sine bygningar, på skulens sitt uteområde eller i lokale skulen leiger. Det heller ikkje tillete å vere påverka av - eller oppbevare rusmidlar i skulens sine bygningar, på skulen sitt område eller i lokale skulen leiger.

3.6 Rusmidlar

Det er forbode å ha eller oppbevare rusmidlar på skulen sitt område. For å kontrollere dette kan politiet gjennomsøke skuleanlegget viss dei finn det nødvendig, eventuelt med bruk av narkotikahund.

 

 

 

 

Skulens førebyggande tiltak mot bruk av rusmidlar

-          Gjere dette til ein kontinuerleg sak for elevrådet 

-          I samarbeid med elevrådet bidra til fellesarrangement om rusmidlar

-          Faste møte med ruskonsulent i Nord-Fron kommune

-          Samarbeide med lokalt politi

-          Samarbeide med psykiatritenesta

-          Orientere føresette

-          Samarbeide med russen

-          Helserådgjevar er skulens kjentmann i rusførebyggjande arbeid, og arbeider med enkeltelevar

-          Samarbeide med Ung i Midtdalen

-          Skulen vil jobbe aktivt for å auke trivselen på skulen

-          Tiltak for at hybelbuarar skal finne seg til rette

 

 

Skulestart

Ein aktiv skulestart med vekt på å skapa gode relasjonar mellom tilsette og elevar og elevar imellom, virke trivselsfremmande. Kontaktlærar har eit spesielt ansvar når det gjeld å ta opp saker som gjeld klassemiljøet. Førebyggande rusarbeid er en del av HMS- arbeidet i klassa.

 

Elevmedverknad

Aktive og motiverte tillitselevar på alle plan er viktig og nødvendig for å skape eit positivt skule- og klassemiljø. Involvering av elevrådet i det rusmiddelførebyggjande er heilt avgjerande for å skape gode haldningar. 

 

Aktivitetsdagar og elevstyrte dagar

Gir muligheit for andre opplevingar enn vanlege skuledagar og skape trivsel og samkjensle, òg på tvers av klasser.

 

Trivselstiltak utanom skuletimane

-          Betring av miljøet i kantina

-          Frukost og middagsservering i kantina

-          Muligheit for ballspill – pingpongbord, volleyball, kurvball

-          Muligheit for å anvende skulelokalane på kveldstid

-          Utgreiing av ordning med kontaktperson for hybelbuarar

 

Kontakt med føresette

-          Orientering om vår handlingsplan og førebyggjande arbeid

-          Samarbeide i enkeltsaker

 


Tiltak ved bruk av rusmidlar i skuletida

 

  1. 1.      Ved  bruk av rusmiddel og eventuelt omsetting av desse på skulens område:

-          Når ein elev opptrer rusa på skulen, har med seg rusmidlar, omsett eller forsøker å omsette på skulens område, skal eleven følgjas til rektor. Rektor vurderer eventuelt å tilkalle politi.  Er eleven under 18 år, blir føresette underretta.  Dette gjeld både kjøpar og seljar.

 

  1. 2.      Ved mistanke om at nokon er rusa på skulen:

-          Skal eleven straks følgjast til rektor for samtale. Eleven skal ha med seg kontaktlærar, rådgjevar eller annan som støtteperson.  Ved mistanke om narkotika, blir eleven beden om frivillig å avleggje urinprøve. Dersom eleven nektar å avleggje urinprøve, kan skulen setje i verk tiltak i forhold til skulereglementet.

 

  1. 3.      Bekymring for elevar i forhold til bruk av rusmidlar
    1. Gjer ei vurdering. Kor bekymra er du? Prøv å konkretisere. Bruk gjerne noko tid: Kva har du sett og høyrt, kva har vedkommande sagt og gjort? Fungerer vedkommande i skulekvardagen på adekvat måte?  Sjå på fråvær.

 

  1. Diskuter bekymringa med kontaktlærar,  leiar og helserådgjevar .

 

  1. Oppsummering/konklusjon: Er det nokon grunn til bekymringa? Legg spesielt vekt på tilstanden til den det gjeld (kjenslemessig, sosialt, fysisk) og situasjonen elles (familiesituasjon, akutt fare, ressursar i nettverket)

 

  1. Vurder saman med dei du har diskutert med, vidare arbeid.
  • Vi klarar dette sjølve.

 

  • Vi treng hjelp til vurderinga av dette frå nokon som har meir kompetanse. Før du gjer dette, må du ha samtykke frå vedkommande. Viss det gjeld elevar under 18 år, må også føresette ha gitt sitt samtykke til dette.

 

  • Bekymringa er så alvorleg at barnevern eller andre ansvarlege instansar/personar må bli kopla inn. Kvar einskild tilsett har etter barnevernslova § 6-4  ei sjølvstendig meldeplikt viss det er barn under 18 år det gjeld.

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.