Fokus fråvær

Rutinar ved elevfråvær:

1. Fråvær utan melding: Kontakt med eleven same dag.
2. Fråvær andre dagen utan melding: Melding til foreldre.
3. Fråvær med eller utan varsel etter at foreldra er varsla: Kontakt med foreldra for å klarleggje årsak.
4. Fråvær med eller utan varsel etter at elev og foreldre  har vore i møte med kontaktlærar:
    Nettverksgruppe med elev, foreldre, kontaktlærar og sosialrådgivar.

Forskrift til Opplæringslova:

§ 20- 4. Foreldresamarbeid i vidaregåande opplærin

………

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg:

a)      varsling om eleven sitt fråvær

b)      …..

 

Fokus på fråvær:  (Frå brev til foreldre)

 

I heile skule-Norge er det no sagt og skrive mye om fråfall frå vidaregåande skule.  Om lag ein tredel av ein årgang 16-åringar manglar etter fem år framleis vitnemål frå vidaregåande skule (bestått i alle fag etter fullført Vg3) eller bestått fagbrev etter gjennomført læretid i bedrift.  Vi veit at fråfall svært ofte startar med fråvær og at fråvær fører til hol i læringsarbeidet som kan gjere det vanskeleg å følgje med i faget.  Ein elev i vidaregåande skule har rett til å få vurdering, mellom anna standpunktkarakter til slutt i kvart fag.  Til gjengjeld er eleven pliktig til å møte til kvar time i alle fag så sant ho eller han ikkje må vere borte på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar, eller har søkt permisjon for godkjente formål innafor ei ramme på 10 skuledagar i året.  Ein søknad om permisjon for t.d. å reise på ferie utanom dei fastlagte skuleferiane vil ikkje bli innvilga.

 

Rutinar ved elevfråvær:

 

1.      Kontaktlærar finn ut at ein elev har fråvær utan å ha gitt beskjed:  Ta kontakt med eleven snarast.

2.      Kontaktlærar finn ut at ein elev er borte på andre dagen utan varsel:  Ta kontakt med foreldre viss eleven er under 18 år.  Er eleven over 18 år, ta kontakt med eleven.

3.      Eleven held fram med å vere borte med eller utan varsel etter at kontaktlærar har hatt kontakt med eleven og med foreldre:  Ta kontakt med foreldra for å klarleggje årsak.  Viss det ikkje handlar om eit klart og avgrensa sjukdomstilfelle eller annan tvingande grunn, kall inn eleven til samtale med kontaktlærar og inviter foreldra med slik at foreldra blir klar over kva for konsekvensar fråværet kan ha.

4.      Eleven held fram med fråvær med eller utan varsel etter at elev og foreldre har vore innkalla til møte med kontaktlærar:  Kall inn eleven og foreldra til møte med kontaktlærar og sosialrådgivar.  (Nettverksgruppe.)

5.      Ved ytterlegare fråvær med eller utan varsel:  Gi eleven skriftleg varsel om fare for ikkje å få vurdering.

 

Aage Lesjø, 21.09.2010

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.