Skulen vår

Vinstra vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med sju utdanningsprogram og om lag 530 elevar.

Etter om lag 25 års arbeid for å få etablert eit utdanningstilbod på nordre del av Austlandet for landsungdom som hadde som mål å kunne studere ved eit universitetet, vart Gudbrandsdal offentlege landsgymnas starta opp på Vinstra i 1946.  Dei første 30 åra kom elevane frå heile Gudbrandsdalen og resten av Oppland - og frå Nord-Østerdal, Oppdal og Nord-Vestlandet.  I 1964 tok fylkeskommunen over skulen, som fekk namnet Gudbrandsdal gymnas.  Samanslåing av gymnaset med Fron yrkesskule vart til Vinstra vidaregåande skule i 1976 og Ringebu vidaregåande vart ein del av skulen i 1997. 

Foto: Aage Lesjø

Vinstra vidaregåande skule er i dag ein moderne vidaregåande skule med attraktive tilbod til ungdom som ønskjer studieførebuande, kreativ og yrkesfagleg utdanning.  Om lag 2/3 av elevane kjem frå kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron og 1/3 frå resten av Gudbrandsdalen, Oppland fylke og elles.

Vinstra vidaregåande skule er den einaste i Oppland med fordjuping i dans og den einaste i landet med landsline folkemusikk som ein del av ei allsidig musikkline. 

Karrieresenteret OPUS Midt-Gudbrandsdal tilbyr karriererettleiing og opplæring for vaksne på vidaregåande og høgskulenivå, samt tilpassa kurs.

Den årlege Elevundersøkinga viser at elevane på Vinstra vidaregåande skule vurderer trivsel og læringsmiljø på skulen høgast i Oppland fylke.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Maria Grønsnes. WEB-administrator: Per Bråtet.