Foto: Maria Grønsnes

På torsdag brakar det laus for "Bark"

På torsdag 22. april kl. 19.30 skal førestillinga "Bark" framførast i Vinstrahallen. Det er årets store tverrfaglege prosjekt for Musikk- og Danse-linja. Heile denne veka fram til torsdag jobbar elevane med dette prosjektet både tidleg og seint. Det er imponerande. 

Spesielt invitert er den anarkjente perkusjonisten Terje Isungset. Eg har vært snikfotograf og rappa eit bilete under innøving av eit nummer. Her ser vi Terje Isungset (lengst til venstre) spelar på munnharpe i lag med ei elevgruppe. Stilig!

Det er mange musikklærarar som er involvert i dette prosjektet og den som organiserer og held oversikta er leiar for prosjektet er Lena Lien. Ho jobbar sjølv som musikklærar ved VVS og er utøvande saksofonist.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.