Frå Ungarn til Gudbrandsdalen
Eg møter Ilona på jobb i Ringebu kulturskule som held til i Kaupanger, og er det store kvite huset som er sentralt plassert i bygda. Når eg spør Ilona kvifor ho kom til Gudbarndsdalen svarar ho: Andreas Liebig spurte om eg var interessert i å komme til Norge og søke på ein musikklærarstilling som VVS lyste ut. Andreas treivst i jobben som organist i Ringebu og når han høyrde at eg misstreivst i Ungarn anbefalte han meg å flytte til Norge og søke på stillinga.
Grunnen til at eg misstreivs i Ungarn har ein samanheng med at landet vart medlem av EU i 2004. Det fekk politiske konsekvensar som endringar av lover og reglar i landet. Det vart til dømes mindre kontroll med landegrensene og kriminaliteten auka i landet. Eg følte meg utrygg og eit behov for å endre livssituasjonen min. Når Andreas spurte om eg var interessert i søke på stillinga, tenket eg fyrst litt over det før eg gjorde det.
Ilonas undervising og musikalske bakgrunn
Ilona er tilsett ved VVS som leigar musikklæraren ut til tre kulturskular i Gudbrandsdalen. Eg jobbar som fiolinlærar i kulturskulen på Vinstra, i Vågå og Ringebu i tillegg til å undervise nokre elevar ved VVS. Rektorane ved skulane har stor tillit til undervisinga mi og gjer meg friheit til å velga kva den skal innehalde. Eg har kun ein til ein -undervising og alle elevane får individuelle opplegg ut i frå deira kunnskap, interesse og motivasjon til å lære. Eg velgar musikkstykke som er passe vanskelige og utfordrande for dei. Er du ein nybegynnar kan du ikkje starte med vanskelige musikkstykke det drep interessa og motivasjonen for å lære å spele instrumentet. Det er som om ein vektløftar skulle begynne med tyngre vekter enn han maktar å bære. Sånn er det for mine elevar også, dei må begynne i det små, føle glede over det dei presterar, så kjem interessa og den enkelte kan bygge opp sin kompetanse.
Eg har ganske god oversikt over klassiske musikkstykke fordi eg har spelt mykje. Eg starta med å spele fiolin i 5-års alderen. Foreldra mine var musikkglade menneske og tok meg med på mange klassiske konsertar. Dette verka positivt på meg og min lyst til å spele. At fiolin vart instrumentet mitt var litt tilfeldig fordi det er ingen i familien min som har spelt fiolin før meg. Når eg var 5 år var eg for liten til å begynne i den offentlige musikkskulen så eg fekk fyrst privat undervising, deretter når eg vart 6 år fekk eg begynne i musikkskulen. Dette etablerte ein varig musikkinteresse som førte til at eg tok ein 4-årig høgskule utdanning i fiolin. Då eg var ung spelte eg i tre symfoniske orkester i Ungarn. Eg spelte i Budapest-symfonien, deretter i Ungarsk nasjonale filharmoni og Operahuset i Budapest. Elles jobba eg i 16 år med å undervising i Ungarn før eg kom til Gudbrandsdalen.
-Du har ein del erfaring som utøvande musikar men utøvar du yrket på fritida? Offisielt spelar eg helst i lag med elevane mine på konsertar. Det er morosamt å spele folkemusikk! Det er ikkje så stor avstand mellom klassisk- og folke- musikk som ein skulle tru. Eg har spelt ungarsk folkemusikk og inntrykket mitt er at folkemusikk er meir populært i Norge enn det er i Ungarn.
Det er blitt populært å spele klassisk fiolin og elevtalet har auka. Om det er på grunn av kjendiseffekten til Alexander Rybakk eller Ilona sin forteneste får være opptil den enkelte å vurdere, men det er sikkert ein kombinasjon av desse faktorane.
Ilona har elevar i alle aldrar frå 5-18 år. Ho seier at ho jobbar med å opprette samspelsgrupper med elevar som spelar fiolin i lag. Det meinar ho er viktig fordi det å spele bør være ein sosial aktivitet.
- Kva trur du er årsaka til folks interesse for klassisk musikk? Ilona veit ikkje heilt kva ho skal svare, men så fortel ho om ei hending i eitt urolig område som var prega av kriminaliet i Berlin. I dette område blei det satt opp store høgtalarar som spelte klassisk musikk i ein periode. I løpet av denne perioden vart miljøet rolegare og det føregjekk mindre kriminalitet, seier Ilona. Forteljinga verkar oppsiktsvekkande men Ilona hevdar at ho har den frå truverdige kjelder. Historia har Ilona fått fortalt av dattera som har lest rapportar om dette. Ho jobbar no som fiolinist i Katar i Saudi Arabia. Ilona avsluttar svaret: -eg trur at den klassiske musikken appellerer til noko inn i oss. Klassisk musikk gjer oss rolegare og meir harmoniske i forhold til omgjevnaden seier ho.
Basketak med norskspråket
Når eg fekk jobben ved VVS så måtte eg lære meg norsk men det var ikkje så lett å få ta i norsklærar i Ungarn. Til slutt fekk eg tak i ein og før eg kom til Gudbrandsdalen hadde eg hatt ca 1 månad med norsk undervising. Etterpå fekk eg meir norsk opplæring ved Voksen Opplæringa i Ringebu.
Norsk er vanskelig å lære og eg hadde litt språkproblem med elevane i starten. Eg skjøna ikkje alltid svara dei gav på spørsmåla mine, seier Ilona og ler. Men no kommuniserer eg betre. Eleven som kom inn i rommet fordi ho skal ha fiolintime, nikkar bekreftande på det Ilona seier. Eleven pakkar ut fiolinen sin og må vente litt før Ilona er ferdig med å svare på spørsmåla mine. Ilona forset med å svare spørsmålet: - eg håpar at norsk-utalen min blir betre, men eg er svært nøgd med at eg kan lese norske bøker utan å bruke ordbok.
Ilona har jobba i ca 1, 5 år ved VVS og trives svært godt i jobben og med å bu i Gudbrandsdalen. Her er det mykje ro og eg føler meg trygg, seier ho. Ho saknar lite i heimlandet sitt. Det einaste eg saknar er nokre produkt som ikkje fins i norske butikkar, elles så kan eg dra til Ungarn i feriar. Eg reiser foresten til Budapest i februar for å spele ein konsert i Bartók- huset/ museeum.
-Har du etablert deg i Gudbrandsdalen for godt eller har du planar om å reise attende til heimlandet ditt? Eg trivs svært godt her og eg har lyst å bli her i lang tid framover. Kanskje for evig tid. Men det er usikkert om det lar seg gjere for eg er ungarsk statsborgar og må søke om å få fornya opphaldsløyve og jobbkontrakt med VVS. Jobbkontrakta som eg teikna med VVS varer kun i tre år.
Ilona er halvvegs i sitt jobbengasjement i Gudbrandsadalen, og muligheita for at ho blir verande i Dalen er truleg stor. Prosjektet som ho er engasjert i skal evalueras når dei tre åra er gått. Viss evalueringa tilseier det, kan ordninga med felles klassisk fiolinlærar bli permanent.