Kyrkjekonserten 27. november

Foto: Mathias R. Loddengaard
Fredag kveld, som vanleg er ved inngangen til adventstida, inviterte musikklina til konsert i Sør-Fron kyrkje. Og publikum møtte fram frå nær og fjern, nokre hadde meir enn 30 mil reise bakom seg for å få med seg hendinga.

Også i år oppfylte elevane alle forventningar til overmål med eit allsidig, balansert program og utøvarar i kjempeform, og dei siste åra har dansarane lagt eit nytt kunstnarleg og estetisk element til arrangementet. Frå første anslag inne til siste tone utanfor på kyrkjebakken var det heile ei fin oppleving. Takk til alle på musikklina! 
(Tekst: Eirik Rønning.  Foto: Mathias Reistad Loddengaard.)

Fleire bilde

 

Journalist for GD Bjørn Berget har lagt ut følgjande omtale og bilde frå konserten:

http://www.bberget.com

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.