Frå Eckernförde til Vinstra
Katrin og Jan-Ole kom med fly til Gardemoen på laurdag, og etter ca 3- timar lang togtur møtte dei Ragnhild og Astrid som er vertar og fadrar for tyskarane fram til søndag. Ragnhild bur i Lia og Astrid bur i Venabygd, så dei bur eit stykke frå kvarandre men likevel vil dei prøve å være mykje i lag. Sidan at utvekslingselevane kom har dei ete i lag, vært i Ringebu og snakka mykje saman.
Arbeidstittelen på dette prosjektet er: ”A cultural approach to environmental issues.” Elevutveksling er ei viktig side ved samarbeidsprosjektet Comenius. Det er viktig at elevar med ulik kulturell og nasjonal bakgunn skal få møtas å prate saman, og gjennom det skape relajsonar. Katrin seier at det var hennar nysgjerrigheit som fekk ho til å søke om å få være med i dette utvekslingsprosjektet.
I denne veka skal utvekslingselevane være i lag med fadrane og følgje dei i skuletimar. På onsdag planlegg vi å dra til Gålå for å gå på ski og ake, og torsdag sjå på biobrenselanlegget til VVS. Elles skal vi også få omvising på skulen.
Til no har utvekslingselevane oppdaga litt av kvart som skil seg ut med VVS i forhold til Jungmannschule Eckernförde. Katrin seier at VVS har ein mykje meir personleg og uformell stil i skulekvardagen. Det gjeld skulebygget og interiøret, men også relasjonen mellom lærar og elev. I vår skulekvardag kallar vi våre lærarar med tittlar som Mr. og Mrs. Vår skule har heller ikkje det same opplæringstilbodet som VVS, Eckernförde har ikkje like mange yrkesfaglege utdanningsprogram.
Dei tyske elevane gjer nok fleire oppdagingar i løpet av sitt opphold i Gudbrandsalen. VVS ynksjer Katrin og Jan-Ole eit interessant og hyggelig opphold!