Helse og sosial overtok Sørheim
Onsdag 24. - 25. mars har lærar Tine Elisabeth Slang hatt med seg 7 elevar til Sørheim Bo og Omsorgssenter. Desse dagane har dei hatt ansvar for drifta av sjukeavdelinga ved sjukeheimen mens 10 av dei tilsette var på kurs.
Rapport frå Tine
Vi, ein lærar og 7 elevar tok over stellet på sjukeavdelinga ved"Sørheim bo- og omsorgssenter " i to dagar mens 10 av dei tilsette var på kurs. Vi likte oppdraget.
På bilete ser vi Mette Dokken Langseth som går helsefagarbeidar-utdanning vg-2. Ho var med begge dagane. På bilete ser vi at ho står på kjøkkenet og jobbar med servering.