Foto: Maria Grønsnes

Utvekslingselev frå Belgia

Pieterjan Robbe er utvekslingselev frå Roeselare i Belgia og starta ved VVS 20. august i 2009. Han snakkar imponerande godt norsk. Men han seier at han snakkar betre enn han skriv. Han får utfordringar av norsklærar Marit Knappskog som gjev han stiloppgåver. Når han tenker på dette vrir han seg litt i stolen og smiler skeivt til meg.

Motivasjonen for å lære norsk

I Belgia bur Pieterjan sør-vest i landet og nær grensa til Frankrike. Morsmålet hans er nederlandsk men å lære seg norsk gjekk greit. Etter 3 månadarar med intensiv jobbing kunne han forstå og bruke språket i kommunikasjon med andre.

Motivasjonen for å lære norsk var rett å slett å kunne kommuniserer betre. Spesielt med eldre menneske var det vanskelig å kommunisere på engelsk. Dei konsentrerte seg helst om å få sagt det dei hadde på hjarte og gløymte å lytte til det eg sa, denne vekslinga som er typisk for god kommunikasjon vart vanskeleg. Etter at eg begynte å snakke norsk vart det også enklare å få gode vener, seier han.

Han kom frå Belgia til Norge for å gå skule

Det er litt tilfeldig at eg havna i Norge og ved VVS, fordi eg hadde i utgangspunktet meir lyst til å dra til Island. Men eg er veldig nøgd med at eg valde å være utvekslingselev i Norge og ved VVS. Eg valde utvekslingsprogrmmet til AFS. Grunnen til det er at AFS ikkje krev utveksling av elevar mellom to skular, slik som til dømes utvekslingsprogrammet Comenius gjer. Men heime hjå foreldra mine er det ein utvekslingselev frå Tailand som erstattar min plass, seier Pieterjan og smiler.

Eg er ferdig med den grunnleggande skulegangen i Belgia. I Belgia fullførar elevar grunnskulen og vidaregåande i løpet av 12 år. Vi går færre år i skulen men til gjengjeld har vi skuletimar som varar i 50 min, og ein lengre skuledag, som startar kl. 08.15 og er ferdige kl. 16.10. På timeplanen er det vanleg å slå saman timar, som resulterar i at vi ikkje får like mange friminutt som elevane har her. Men midt på dagen har vi ein times pause.

Eg fekk informajson om Norsk skule i Belgia og valde VVS fordi det passa best med måten skulåret vart organisert på. Planen min for hausten 2010 er å studere til sivilingeniør ved «Leuven» som er eit stort universitet i Belgia.

Piterjan kunne eigentleg ha starta på Univeristets utdanninga si no men kva er det som gjer at han vel å være utvekslingselev? Eg ville oppleve og lære noko som var annleis enn det eg er vant med. I tillegg er det større press i den belgiske skulen samanlikna med den norske, så det er fint å oppleve ein litt rolegare skulekvardag. No prøver eg ikkje å tenke for mykje på å få gode karakterar, men fokuserer heller på å lære og trivast.

Pieterjan er elev i 2 MD. Hovudinstrumentetet hans er bariton eller euphonium som han sjølv kallar det. Eg trives godt med faga og komposisjon likar eg svært godt. Miljøet ved musikklinja er triveleg. Det er spesielt, litt lukka på ein måte, seier han.

Vertsfamilien og fritidsaktivitetar

Eg trives veldig godt med vertsfamilein min. Eg bur i Våga og må ta skulebuss i skulekvardagen. Då slår eg følge med vertsfamilien si datter som går ved VVS si danselinje. I år så feirte vi jul i lag og eg syns det var morosamt å være med på juleførebuinga. Eg var blant anna med på å lage julepølse, sylteflesk og småkakebaking. Pepperkakehus var nytt for meg og eg syns at det var kult å lage. Vi har ikkje så mykje juleførebuing i Belgia.Vi kan bli ferdige med jula i løpet av tre dagar viss vi vil det, men vi tar juletreet inn i huset før. Vi tar det inn den 7. desember og ikkje den 23. desember som er vanleg i Norge. Apropos juletre så likte eg svært godt å gå rundt juletereet på julekvelden. Det var uvant for meg men det var ein kul ting å gjera.

Andre fritidsaktivitetar som eg held på med er musikk. Stort sett kvar måndag spelar eg i «Vågå musikkforeining» som har jubileum i år. Blir ein del konsertar då. Om torsdagane spelar eg i lag med «Lalm musikkforening». -Så eg eg har nok å drive på med å fritida, seier han og ser nesten litt oppgitt ut når han tenker på alt han har å drive på med.

Elles er det veldig koselig å gå tur med hunden til verstfamilen min. Det er ein god avkobling det.

Det verkar som du trives godt i Gudrandsdalen men kva saknar du mest frå heimlandet ditt?

Eg saknar eigentleg ingenting men sidan du spør så saknar eg nok småsøskene mine spesielt lillbror. Eg er eldst i søskenflokken og har tre yngre søsken. Det er ingen småbarn hos vertsfamilien min så eg saknar litt at golvet er fylt med leiker.

Pieterjan drar ikkje heim med det fyrste. Etter at skuleåret ved VVS er avslutta skal han ha sommarferie i lag med vertsfamilien. Vi har planlagt å dra på bilferie til Nordkapp. Det står for meg som noko eg er nødt til å få med meg og eg kan ikkje dra heim før eg har opplevd det. VVS ynskjer Pieterjan ei fantastisk og sublim norsk oppleving!

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.