Foto: Maria Grønsnes

Magnhild Rem Fossum ved danselinja i Oppland

Magnhild Rem Fossum har jobba som lærarar og fagkoordinator i eitt og eit halvt år ved danselinja ved Vinstra vidaregåande skule, som er unik fordi den er den einaste i Oppland Fylke. Tysdag 24. november fekk Magnhild eit kunstnarstipend på 25.000 kr. av Oppland Fylkeskommune.

Ho kom frå Oslo til Vinstra etter å ha jobba nokre år som frilans-dansar i hovudstaden og i utlandet. Ho har ei kunstnarisk utdanning innafor dans. Etter fullført vidergående ved Inderøy og Fagerborg VGS reiste ho til London og fullførte ein 3-årig bachelorgrad ved «London Contemporary Dance School». Etter fleire år som utøvande dansekunstnar tok ho ein dansepedagogisk utdannelse ved KHIO (Kunsthøgskolen i Oslo).

"London Contemporary Dance School" opna auga mine når det gjeld å sjå kva dans er, og kva det kan være, seier ho. I undervisinga lærte vi å analysere og tolke dansens uttrykk, estetisk, politisk og samfunnsmessig. Dette har virka positivt og har ført til at eg er blitt meir bevisst og sjølvstendig i mitt utøvande og skapande yrke som dansar.

Kunstnarstipendet oppmuntrar meg til å væra ein utøvande dansar. Planen min er å reise til New York, der eg blant anna skal ha eit 21 dagar langt kurs om barokk-dans ved New York Baroque Dance Company. Kristin Norderval skal støtte meg med fagsamtalar. Ho er ein utøvande kunstnar i N. Y. som har kompetanse på tolkingar av tidlegare barokk- musikk og dans. Det blir nye kunstmøter og  mulig med eit lengre samarbeid med komponist og performer Norderval. 

Grunnen til at eg søkte om stipendet var blant anna at eg alltid har hatt stor interesse for barokk- dans og musikk, og har jobba med dette tidlegare. Som koreograf  blei det naturleg å interessere seg for barokkdansens strukturer. Eg sendte inn ei prosjektskisse som forklarte prosjektet som eg ville gjennomføre. Det er mykje arbeid med planlegginga av prosjektet, konseptutviklinga og finne samarbeidspartnarar. Dette arbeidet er ikkje heilt i mål endå, og eg ynskjer stadig kontakt med fleire musikarar.

I haust blei det gjennomført eit koreografisk førprosjekt i samarbeid med dyktige kollega, Ranveig Henriksen, Åshild Thinn og Tone Romtveit som hjalp til med sang.

Dette stipendet betyr også mykje for meg personleg, og det vil ha ein positiv innverknand på rolla mi som danselærar. At eg får utøvd faget som eg underviser i er ein viktig trivselsfaktor for meg. Elles er det også ein viktig trivselsfaktor for både lærar og elevar, at vi har eit godt klasserom å halde til i. Det gjer oss ved danselinja ein identitet, og ei kjensle av at faget vårt blir respektert.

 Magnhild skildrar situasjonen for dansarane som heimlaus, og ho saknar at elevane kan ha eit rom som alltid er til disposisjon for dei. Arbeidssituasjonen er nomadisk, fordi dei vekslar mellom å trene i danselokala til Fisk i Fron, Aulaen, Inntunet og den fornya dansesalen i formgjevingsbygget.

Men det har skjedd forbetringar av danseforholda sidan Magnhild kom. I fjord brukte danseelevane Kirkestugu som danselokale. No har undervisninga i dette lokalet blitt flytt til formgjevingsbygget som er blitt ombygd til ein dansesal. Magnhild er meir nøgd med undervisningsforhold no enn tidlegare, og at leiinga ved VVS har gitt lovnadar om ein større dansesal.

For å få høgare søknadstal til danselinja meiner Magnhild at det er viktig at danselinja marknadsfører seg, og formidlar god informasjon om kva danselinja kan tilby. Ho meiner at skulen har mykje å vinne på dette, spesielt sidan Vinstra er den einaste vidaregåande skulen i Oppland som tilbyr 3-årig danseutdanning. I tillegg seier Magnhild at det er viktig at skulen har ein god dialog med Kulturskulen som kan rekruttere danseelevar til skulen. Ho har vært i kontakt med  kulturskulen og kan konstatere at det fins ei stor danseinteresse i Gudbrandsdalen. Ho seier at etterspurnaden etter danselærarar er stor og ynskjer fleire lærarar med denne kompetansen velkomen til Vinstra!

 

Bildekarusellen viser danseglede i formgjevingsbygget

 

Del

    Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
    Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.