Foto: Maria Grønsnes

"Bark" eit forrykande flott og estetisk show

Multimodalt var eit stikkord som språklærar Guri Skurdal Tofte brukte for å skildre inntrykket sitt etter førestillinga «Bark», som vart vist i Vinstrahallen 22. april. 

Det var eit forrykande flott show med musikk, dans og korsang som kommuniserte saman på sine genuine måtar, og formidla ei historie om Barketreets liv i møte med ulike miljø.

I følgje lokalavisa "Dølen" er konseptet bak førestillinga å gje eit samansett bilete av naturen. Det kom til uttrykk gjennom ulike musikalitetar som korsang, folkemusikk, klassisk og tungrock. Den flotte og profesjonelle lysettinga var med på sette farge og lage stemning. I følgje "Dølen" har lys og lyddesignarar frå Peer Gynt arrangementet "TidarÅ" medvekra i førestillinga "Bark". Elevar i 3SA formgjeving hadde ansvaret for scenografien og ein god del av kostymane til denne førestillinga.

Overgangane mellom nummera i førestillinga var nesten ikkje merkbare. Elevane var godt samkjørte og presterte så det holdt. Det fyrste nummeret flaut inn i det neste og vi som publikum kunne rolig opne sansane våre og nyte det vi fekk høyre og sjå.

Lena Lien kunne melde at det var 300 publikumarar på kveldsførestillinga og 150 elevar og lærarar frå Sør Fron ungdomsskule på dagførestillinga.

.


 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.