18. april skuleårets siste jam session
Årets siste jam vart arrangert 18. april i Peer Gynt-huset. Det vart ein fin og verdig avrunding med saksofonisten Vidar Johansen som spesielt invitert.
Det er tradisjon for 3 MDD elevane ved Vinstra vgs. å arrangere jam session utanfor skuletid. I fjord vart jam session arrangert ved utestaden Kolonialen i år har den føregått i kafeelokalet i Peer Gynt-huset.
Elevane jobbar ikkje berre på fritida dei får også jobbe med jam-en på skulen i faget Produksjon. Sigrid Egtveit er lærar her og har hatt ca 20 elevar dette året som også jobbar med andre produksjonar enn jam. I følgje faglærar blir det undervist i emne produksjonsleiing kvart år for 3. klassingane som har musikk ved MDD-linja.