Høykontrast
Eit samarbeid mellom helse og sosial- og musikk- avdelinga i skuleåret 2009-2010 resulterte blant anna i eit tverrfagleg seminar i vår med Kari Bjerke Batt Rawden som er tilsett ved Høgskulen i Akershus. (10.06.10)
Tysdag morgon dukka desse fuglane med vakker, raud fjørdrakt opp i det store lønnetreet på skulen, ned mot Gamle Skåbuveg. Dei hadde med seg eigne fuglefrø og kaffi på termos. (12.05.10)
Multimodalt var eit stikkord som språklærar Guri Skurdal Tofte brukte for å skildre inntrykket sitt etter førestillinga «Bark», som vart vist i Vinstrahallen 22. april. (23.04.10)
Årets siste jam vart arrangert 18. april i Peer Gynt-huset. Det vart ein fin og verdig avrunding med saksofonisten Vidar Johansen som spesielt invitert. (20.04.10)
På torsdag 22. april kl. 19.30 skal førestillinga "Bark" framførast i Vinstrahallen. Det er årets store tverrfaglege prosjekt for Musikk- og Danse-linja. Heile denne veka fram til torsdag jobbar elevane med dette prosjektet både tidleg og seint. Det er imponerande. (20.04.10)
Onsdag 24. - 25. mars har lærar Tine Elisabeth Slang hatt med seg 7 elevar til Sørheim Bo og Omsorgssenter. Desse dagane har dei hatt ansvar for drifta av sjukeavdelinga ved sjukeheimen mens 10 av dei tilsette var på kurs. (30.03.10)
Ilona Szucs er frå Budapest i Ungarn og jobbar som musikklærar ved VVS og kulturskulane, Våga, Vinstra og Ringebu. Ilona er engasjert i eit treårig prosjekt som er finansiert av Vinstra VGS, kommunane i Midt- og Norddalen og regionrådet i Midt-Gudbrandsdal. Instrumentet som ho undervis i er klassisk fiolin. (15.02.10)
Pieterjan Robbe er utvekslingselev frå Roeselare i Belgia og starta ved VVS 20. august i 2009. Han snakkar imponerande godt norsk. Men han seier at han snakkar betre enn han skriv. Han får utfordringar av norsklærar Marit Knappskog som gjev han stiloppgåver. Når han tenker på dette vrir han seg litt i stolen og smiler skeivt til meg. (15.02.10)
I dag måndag 15. februar er det kome to elevar frå Jungmannschule Eckernförde i Tyskland til VVS. Elevane heiter Katrin Feierling-Sülzle og Jan-Ole Lüttmann og dei skal observere korleis ting er her. I veke 10 skal VVS sende to liknande «spionar» til Tyskland dvs. Ragnhild Brånå (2MD) og Astrid Skogvang (1MD). No skal Astrid og Ragnhild væra husvertar og fadrar for tyskarane. Denne elevutvekslinga er eit slags førprosjekt til noko som kanskje kan bli eit internasjonalt samarbeidsprosjekt om klima. For å kunne sette i gang med det kan dei 3 innvolverte skulane søke om midlar gjennom EU-programmet Comenius. (15.02.10)
Magnhild Rem Fossum har jobba som lærarar og fagkoordinator i eitt og eit halvt år ved danselinja ved Vinstra vidaregåande skule, som er unik fordi den er den einaste i Oppland Fylke. Tysdag 24. november fekk Magnhild eit kunstnarstipend på 25.000 kr. av Oppland Fylkeskommune. (19.01.10)
Foto: Mathias R. Loddengaard (elev, 2MK) (30.11.09)
Fredag kveld, som vanleg er ved inngangen til adventstida, inviterte musikklina til konsert i Sør-Fron kyrkje. Og publikum møtte fram frå nær og fjern, nokre hadde meir enn 30 mil reise bakom seg for å få med seg hendinga. (29.11.09)
Vinstra vidaregåande skule sin danselærar Magnhild Rem Fossum har fått tildelt Oppland fylkes kunstnarstipend for 2009 saman med seks andre kunstnarar. Vi gratulerer. (25.11.09)
Ungdomsskuleelevar med foreldre fylte torsdag kveld 12. november Vinstrahallen for å få informasjon om moglege vegar til yrke og utdanning.
Her ser vi samling av folk rundt demonstrasjon av kjemiforsøk. (12.11.09)