Det er målet vårt at du skal lære mest mogleg i høve til føresetnadene dine, både fagleg og menneskeleg, i tråd med læreplanane for skule, utdanningsprogram og fag. For at du skal lære, er det nødvendig at du er aktiv, sjølvstendig og samarbeidsvillig. Vi skal òg gjere vårt ved å leggje til rette for at du skal kunne få kunnskap og utvikle alle sider av deg.
Opplæringslova legg stor vekt på rettane til opplæring for den enkelte eleven – til ei opplæring som er god for ho eller han. Forskrifta gir deg som elev rett til å få vite kva som er innhaldet i læreplanane, kor du sjølv står i høve til desse og korleis læringsarbeidet blir planlagt og gjennomført. Samstundes blir det stilt krav til deg som elev til å delta i planlegging og vurdering av læringsarbeidet. Dersom vi lykkast med dette samarbeidet, vil vi få ein god skule for deg som elev.
Det er du som elev og vi som tilsette ved skulen som må sørgje for at samarbeidsformene er gode og at miljøet rundt oss er triveleg, slik at vi når eit best mogleg resultat for deg. Den næraste læraren for deg å samtale med og søke råd hos er kontaktlæraren din, som du deler med dei andre elevane i klassa di. I tillegg skal kvar faglærar heile tida halde deg orientert om i kva grad du når måla i faga. Meininga er at dette skal gi deg som elev ei best mogleg oppfølging frå skulen si side.
Skulen vår er miljøsertifisert. Vi er eit "Miljøfyrtårn". Forutan krav om miljøvenleg bruk av energi, stiller det òg krav til at vi alle er flinke til å halde orden og er bevisste på korleis vi handterer søppel. Elevrådet er engasjert i dette mellom anna ved at det er sett opp oppsamlingskasser for tomflasker, der panten går til elevrådet sitt arbeid for elevane.
Vi håper dette vesle heftet vil gi deg svar på ein del av spørsmåla du stiller deg ved starten av og i løpet av skuleåret, slik at du heile tida kan finne deg til rette. Skulereglementet, som du finn bak i informasjonsheftet, er nytt i år og felles for heile Oppland fylke. Du har plikt til å setje deg inn i det som står i informasjonsheftet og skulereglementet. Ver ikkje redd for å spørje, alle tilsette på skulen vil gjerne hjelpe deg. Vi reknar med at foreldra dine også vil ha interesse av å lese dette heftet. Heile heftet er lagt ut på www.opplandvgs.no/vinstra
Lykke til!
Aage Lesjø, rektor (mobiltelefon 957 24 957)
UTDANNINGSPROGRAM VED VVS 2011-2012
Skulen har i dag om lag 530 elevar og desse utdanningsprogramma og kursa:
Studiespesialiserande utdanningsprogram:
Vg1 studiespesialiserande
Vg2 realfag, språkfag, samfunnsfag og økonomi
Vg3 realfag, språkfag, samfunnsfag og økonomi
Vg3 påbygging generell studiekompetanse
Utdanningsprogram for musikk, dans og drama:
Vg1 musikk, dans og drama
Vg2 og Vg3 musikk
Vg2 og Vg3 dans
Elevplassar til landsline for folkemusikk på Vg1, Vg2 og Vg3
Utdanningsprogram for elektrofag:
Vg1 elektrofag
Vg2 elenergi
Vg2 data og elektronikk
Utdanningsprogram for helse- og sosialfag:
Vg1 helse- og sosialfag
Vg2 helsefagarbeidar
Vg2 barne- og ungdomsarbeidar
Utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon:
Vg1 teknikk og industriell produksjon
Vg2 arbeidsmaskinar
Vg2 kjøretøy
Vg2 industriteknologi
Utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk:
Vg1 bygg- og anleggsteknikk
Vg2 byggteknikk
Vg2 klima-, energi- og miljøteknikk
Utdanningsprogram for medium og kommunikasjon:
Vg1 medium og kommunikasjon
Vg2 medium og kommunikasjon
Vg3 medium og kommunikasjon
RÅDGIVINGSTENESTA
Rådgivarane er til for å hjelpe deg. Dei skal gi deg rettleiing og råd i samband med val av studieretning, line, valfag, vidare skulegang og spørsmål om yrkesval. Dei står òg til disposisjon om du treng hjelp til å løyse meir personlege problem. Du bør bruke rådgivarane når du treng det. Du kan òg gå til rådgivarane dersom du ønskjer å skifte fag, slutte på skulen eller søkje anna utdanning.
Fagrådgivarar: Anngrim Reitan (976 04 515), Liv Larsen (959 20 233)
Helserådgivar: Brit Nilsen (410 41 853)
P.P.-rådgivar: Laila Toppen (995 37 592)
Alle har kontor i andre etasje i administrasjonsbygget. (Sjå oversiktskart – inngang A)
KVEN ORDNAR KVA?
-
|
KVA? (Spørsmål om)
|
KVEN? (Spørsmål til)
|
|
Attgløymde saker
|
Resepsjon og vaktmeister
|
|
Datahjelp
Disiplinærsaker
|
IKT-avdelinga
Avdelingsleiaren din
|
|
Elevråd
|
Rektor
|
|
Internasjonalisering
|
Rektor
|
|
Kantine
|
Avdelingsleiar Rolf Nystuen
|
|
Lån/stipend
|
Resepsjonen
|
|
Permisjon
|
Kontaktlæraren din
|
|
Privatisteksamen
|
Assisterande rektor Olav Bratland
|
|
Skulebevis
|
Resepsjonen
|
|
Skyss
|
Avdelingsleiar Rolf Nystuen
|
|
Tema-/aktivitetsdagar
|
Rektor
|
|
Verne- og miljøarbeid
|
Avdelingsleiar Rolf Nystuen
|
|
Vitnemål, kompetansebevis
|
Resepsjonen
|
|
Nøkkelbrikke til skulen
|
Resepsjonen
|
KONTAKTLÆRAR OG KLASSE
Som elev høyrer du til ei klasse. Kvar klasse har ein kontaktlærar, som vil vere din næraste kontakt med skulen. Kontaktlæraren har ansvaret for å følgje med på korleis det går med deg på skulen og ha kontakt med foreldra dine dersom du er under 18 år, forutan å ha eit særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassa. Ei klasse kan vere delt på to kontaktlærarar med ansvar for kvar si basisgruppe.
SPØRSMÅL KNYTT TIL UNDERVISNINGA
Dersom du har spørsmål eller problem som er knytt til læreplanane, planlegging og gjennomføring av undervisninga, må du først ta dette opp med læraren i faget, eller at tillitselevane på vegner av klassa tek opp saka med faglærar eller avdelingsleiar. Ei formell klagesak må takast opp skriftleg med avdelingsleiar.
SKULEDAGEN ER DELT INN SLIK:
Første time startar kl. 08.00
Det er matpause frå kl. 11.25 til kl. 11.50
Siste timen sluttar kl. 15.15
SKULERUTE FOR ELEVAR:
Skulestart: Måndag 22. august
Haustferie: Veke 40: 3. – 7. oktober
Operasjon Dagsverk: Torsdag 27. oktober
Siste dag før jul: Onsdag 21. desember
Fyrste dag etter jul: Onsdag 4. januar
Vinterferie: Veke 9: 27. februar – 2. mars
Påskeferie: Siste skuledag før påske: Fredag 30. mars
Fyrste skuledag etter påske: Tysdag 10. april
Fridag: Måndag 30. april
Fridag: Fredag 18. mai
Siste skuledag: Fredag 22. juni
ORDENSREGLEMENT
Felles ordensreglementet for vidaregåande skular i Oppland finn du lengst bak i dette heftet. Reglementet handlar først og fremst om elevane sine rettar og plikter og korleis brot på reglementet blir behandla. Ordensreglementet er retningsgivande for vurdering i orden og i åtferd.
Ordensreglementet gjeld på skulen heile døgnet, heile året, og det gjeld på turar og utplasseringar som skulen er ansvarleg for.
OPPLÆRINGA: INNHALD OG ARBEIDSFORMER
Du som elev har sikkert ein del spørsmål om det å gå i vidaregåande skule, t.d.:
-
kva forventningar har du til den vidaregåande skulen, og korleis vil du arbeide for å nå desse forventningane?
-
kva for krav stiller du til arbeidsmiljøet i gruppa di?
-
kva inneber elev- og lærarrollene?
-
korleis skal vi sikre at elevane tar aktiv del i læreprosessane?
-
korleis skal vi motivere kvarandre?
-
korleis skal vi planleggje undervisninga?
-
korleis skal vi bruke prosjektarbeid?
-
korleis skal vi evaluere arbeidet i gruppa?
-
kva for samanheng er det mellom karaktersetting og arbeidsformer?
-
kva for kunnskapssyn skal liggje til grunn for arbeidet?
Det er lagt opp til at eleven drøfter desse spørsmåla med kontaktlærar og faglærarar og finne felles svar på dei gjennom å utarbeide Elevplan.
Det er viktig å merke seg følgjande:
1. Studieteknikk
Det er viktig å arbeide effektivt og planmessig. Vi må derfor alle lære oss gode arbeidsvanar. Du får opplæring i studieteknikk dei første vekene. Ta dette på alvor, og du sparar på krefter og vil nå betre resultat.
2. Læreplanane.
All undervisning i vidaregåande skule skal ha basis i det vi kallar den generelle læreplanen, dvs. eit oversyn over dei overordna måla i skulen, m.a. haldningsmål. Kvart fag har ein læreplan; dvs. eit oversyn over kva du skal lære i faget. Du må kjenne generell del og læreplanane i kvart fag. Sjå www.udir.no/grep
Læreplanane i kvart fag har 3 viktige delar. Dei gir:
GRUNNLEGGJANDE FERDIGHEITER I FAGET
Å kunne uttrykke seg munnleg og skriftleg
Å kunne lese
Å kunne rekne
Å kunne bruke digitale verktøy
Grunnleggjande ferdigheiter er i Kunnskapsløftet dei første læringsmåla for alle elevar. Læreplanen i faget seier noko om kva desse ferdigheitene har å seie i kvart fag.
KOMPETANSEMÅL FOR FAGET,
dvs. kva du skal lære. Elevar og lærar må arbeide med desse måla og bli samde om kva
som ligg i dei (konkretisere dei), og bestemme korleis ein skal nå måla. For kvart utdanningsprogram finst det nokre fellesmål som alle fag skal rette seg etter.
VURDERING I FAGET,
dvs. eit oversyn over formålet med vurdering med og utan karaktersetting, kva som skal vurderast og korleis vurderinga skal skje. (Sjå eige kapittel om vurdering)
3. Kunnskapssyn i Kunnskapsløftet:
Læreplanane legg vekt på at elevane skal lære noko meir enn rein
fagkunnskap, m.a. skal elevane lære å utvikle:
- sjølvstende og tru på eigne evner til å klare oppgåver
- evne til samarbeid, medverking og eigenvurdering
- problemforståing
- kreativitet
- toleranse og respekt for andre menneske
- etiske verdiar
Dette kjem mellom anna fram i Generell læreplan og LÆRINGSPLAKATEN
4. Arbeidsplanar.
Kvar gruppe skal ha:
PRØVEPLANAR:
dvs. oversyn over når gruppa/faga skal ha skriftlege prøver
ÅRSPLANAR I KVART FAG,
dvs. eit oversyn over kva ein skal lære i løpet av året, når dei ulike tema skal lesast og kva som er viktig i faget
PERIODEPLANAR I KVART FAG,
dvs. eit oversyn over kva for læringsmål som ein skal nå i perioden, kva for arbeidsformer som skal nyttast (gruppearbeid, prosjektarbeid, langlekser osv.) og korleis du som elev blir vurdert i perioden.
Elevane i gruppa skal delta i utforming av planane og løpande vurdere gjennomføringa av planane og sin eigen innsats. Desse planane skal finnast i ei klassemappe på Fronter.
5. Arbeidsformer.
Ein veit at det er viktig å bruke forskjellige arbeidsformer fordi elevar lærer på forskjellig måte og fordi variasjon i arbeidsmåtar gir betre motivasjon hos elevane. Du vil møte arbeidsformer som prosjektarbeid, samarbeidslæring, individuelt arbeid og gruppearbeid, praktisk arbeid og teoretisk arbeid.
VURDERING
Kvar elev får slik vurdering:
-
Undervegsvurdering som ein del av læreprosessen, munnleg eller skriftleg
-
Halvårsvurdering utan bruk av karakter
-
Halvårsvurdering med karakter
-
Sluttvurdering med karakter når faget er avslutta etter eitt eller fleire år
VURDERING MED BRUK AV KARAKTERAR:
Karakterar blir brukt for å vise i kva grad eleven har nådd måla i læreplanen i kvart enkelt fag (sjå punkt 2 og 3 i førre kapittel). Eleven skal kjenne til når han/ho blir vurdert og kva for kriterium som gjeld for vurderinga. Eleven får vurdering undervegs (ved prøver og samtaler i skuleåret), for halvåret og til standpunkt når opplæringa i faget blir avslutta. Standpunktkarakter gir informasjon om den kompetansen du som elev har oppnådd i faget.
TALKARAKTERAR skal brukast i vurdering av faga og er som følgjer:
-
karakteren 6
eleven har framifrå kompetanse i faget
-
karakteren 5
eleven har mykje god kompetanse i faget
-
karakteren 4
eleven har god kompetanse i faget
-
karakteren 3
eleven har nokså god kompetanse i faget
-
karakteren 2
eleven har låg kompetanse i faget
-
karakteren 1
eleven har svært låg kompetanse i faget
Du har rett til å få ei grunngiving for karaktersettinga.
Vurderingsforma Bestått/Ikkje bestått kan brukast i fag der det er vanskeleg å gi ei individuell vurdering. Delteke/ikkje delteke blir brukt dersom eleven har fritak frå vurdering i faget, men skal delta i faget.
IV = ”ikkje vurdert” blir brukt dersom eleven ikkje har vurderingsgrunnlag i faget, t.d. på grunn av stort fråvær, eller med merknad på kompetansebeviset om anna særskilt grunn.
KARAKTERAR I ORDEN OG I ÅTFERD:
Kjenneteikn på god orden og god åtferd finn du i ordensreglementet kap. 2.
Karakteren i orden skal gi uttrykk for om eleven sine arbeidsvanar er prega av orden, ansvar, at eleven er ryddig, punktleg og påliteleg, og at eleven møter når han skal og gir beskjed når han ikkje kan møte.
Karakteren God:
eleven viser vanleg god orden og vanleg god åtferd
Karakteren Nokså god:
eleven viser klare avvik frå vanleg god orden og vanleg god åtferd
Karakteren Lite god:
i ekstraordinære tilfelle der eleven viser store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
KLAGE PÅ KARAKTERAR
Som elev kan du klage på karakter til skriftleg eksamen, standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å sette standpunktkarakter. Klagen må leverast skriftleg til skulen innan 10 dagar etter at du har fått visst karakteren eller burde ha gjort deg kjent med karakteren.
Du får nærare informasjon om rutinar for klage når endeleg karakter blir sett.
VURDERING UTAN KARAKTERAR: (SAMTALE MED KONTAKTLÆRAR OG FAGLÆRAR)
Lærarane skal gi elevane tilbakemeldingar om fagleg framgang og utvikling i løpet av skuleåret og fortelje kva eleven kan gjere for å bli betre. Læraren skal òg leggje til rette for eleven si eigenvurdering. Faglærar skal ha minst ha ei samtale med kvar elev kvart halvår. Kontaktlærar skal i tillegg ha jamleg dialog med deg om anna utvikling enn den reint faglege. Undervegssamtaler er fastsett i vurderingsforskrifta og er ein rett du har som elev. Årshjulet for elevvurdering finn du på Fronter.
EKSAMEN:
Læreplanane gir eit oversyn over reglane for eksamen. Det er 2 typar eksamen:
-
sentralgiven eksamen, dvs. at oppgåvene er dei same i heile landet
-
lokalgiven eksamen med oppgåver som er laga på den enkelte skulen/i regionen eller på fylkesplan
Desse eksamenane er skriftlege, munnlege eller praktiske. I mange fag er det nå førebuingstid, dvs. at du 1-2 dagar før eksamen får greie på kva for tema eksamen vil ha slik at du aleine eller saman med andre kan førebu deg på eksamen i dette temaet.
OPPMØTE OG FRÅVÆR
Reglar for dette finn du i ordensreglementet og i forskrift til opplæringslova. Alle elevar har plikt til å møte presis til alle timar. Viss det er umogleg for deg å møte på grunn av sjukdom eller annan tvingande grunn, må du melde ifrå til skulen så snart du veit at du ikkje kan møte. Manglande melding om fråvær kan føre til nedsett karakter i orden.
Alt fråvær blir ført på vitnemålet. Dersom du kjem meir enn 15 minutt for seint til ein time, får du fråvær for heile timen. Du kan krevje at årsaka til fråvær blir ført som vedlegg til vitnemål eller kompetansebevis. Du må sjølv dokumentere årsaka til fråværet. Sjå elles side 12.
Organisert studiearbeid utanom klassa eller skulen eller skuleadministrative gjeremål (t.d. elevrådsarbeid eller OD) etter avtale med kontaktlærar, skal ikkje reknast som fråvær.
RUTINE FOR OPPFØLGING VED FRÅVÆR
-
Kontaktlærar finn ut at ein elev har fråvær utan å ha gitt beskjed: Ta kontakt med eleven snarast.
-
Kontaktlærar finn ut at ein elev er borte på andre dagen utan varsel: Ta kontakt med foreldre viss eleven er under 18 år. Er eleven over 18 år, ta kontakt med eleven.
-
Eleven held fram med å vere borte med eller utan varsel etter at kontaktlærar har hatt kontakt med eleven og med foreldre: Ta kontakt med foreldra for å klarleggje årsak. Viss det ikkje handlar om eit klart og avgrensa sjukdomstilfelle eller annan tvingande grunn, kallar kontaktlærar inn eleven til samtale og inviter foreldra med slik at foreldra blir klar over kva for konsekvensar fråværet kan ha.
-
Eleven held fram med fråvær med eller utan varsel etter at elev og foreldre har vore innkalla til møte med kontaktlærar: Kontaktlærar kallar inn eleven og foreldra til møte saman med sosialrådgivar. (Nettverksgruppe.)
RUTINE VED FRÅVÆR AV LÆRAR
Planlagt fråvær av lærar (permisjon, kurs eller liknande)
Læraren skal orientere elevane på førehand om sitt planlagte fråvær, kor lenge og kva for oppgåver dei skal arbeide med og leggje fram for læraren når ho/han kjem attende. Elevane kan arbeide sjølvstendig i faget inntil to dagar etter kvarandre. Etter dette skal det setjast inn vikar viss fagleg kvalifisert vikar finst. Avdelingsleiar kan vurdere å setje inn vikar tidlegare – og alltid når elevane skal arbeide i verkstad eller laboratorium.
Ikkje planlagt fråvær av lærar (sjukdom eller liknande)
Første dag læraren er borte må elevane straks få beskjed om at læraren er borte denne dagen eller denne arbeidsøkta. Dei kan bli sett til sjølvstendig arbeid denne økta og eventuelt dagen etter for å arbeide med oppgåver læraren har gitt. Viss læraren ikkje er i stand til å gi oppgåver, må elevane arbeide med stoff i samsvar med gitt periodeplan i faget. Seinast tredje dagen blir det sett inn vikar viss ein slik er mogleg å få tak i – og alltid viss elevane skal arbeide i verkstad eller laboratorium.
Viss det likevel skulle skje at elevane ikkje har fått beskjed når læraren er borte, skal tillitselev gå til kontoret for å få spørsmålet oppklart.
RUTINAR FOR FØRING AV MERKNADER, FRÅVÆR M.V.
Definisjonar:
-
Merknad: Registrering av brot på skulereglementet, lov eller forskrift.
-
Varsel: Varsel som ein elev (og føresette) har rett til å få når eleven står i fare for å få nedsett halvårsvurdering eller standpunktkarakter i orden eller i åtferd. (Eller ikkje halvårsvurdering eller standpunktkarakter i fag, sjå forskrifta § 3-7.)
-
Forseintkomming: Eleven kjem inn i timen etter at undervisninga har starta.
-
Fråvær: Registrering av at eleven er borte frå ein undervisningstime eller kjem meir enn 15 minutt for seint til timen. (Timefråvær, ved dagfråvær er eleven ikkje til stades i løpet av dagen.) I fråværssystemet i Fronter blir dette ført som ”X” (fråvær). Det er ikkje fråvær viss eleven deltek i organisert studiearbeid eller skuleadministrative gjeremål etter avtale med kontaktlærar. (Forskrift til opplæringslova § 3-47.) I fråværssystemet i Fronter blir dette ført som ”S” (organisert studiearbeid). Alt fråvær som kan trekkjast ifrå innafor ei ramme på 10 dagar (forskrifta § 3-47), blir det ført med fråværskode ”A” så snart fråværet er godkjent for fråtrekk.
-
Fusk: Å ikkje oppgi kjelder når innlevert skulearbeid inneheld sitat frå andre enn eleven eller det blir brukt hjelpemidlar som ikkje er tillate.
Føring av merknader:
-
Alle brot på skulereglementet gir merknad. Den som oppdagar reglementsbrotet fører merknaden eller melder ifrå til eleven sin kontaktlærar. Dersom t.d. ein frå leiinga eller frå administrasjons- eller driftspersonalet melder ifrå om brot på reglementet (t.d. bruk av tobakk på skulen sitt område), må kontaktlærar føre dette i Fronter. Eleven må få vite at det er sett merknad. Melding om merknad er å sjå på som ei åtvaring.
-
Merknad om avvikande åtferd: (Frå merknadssystemet i Fronter)
BM: Forstyrring av læringsarbeidet
UF: Uhøvisk framferd mot andre
ØU: Øydelagt utstyr/inventar med vilje
ED: Eting/drikking mot anna beskjed
RS: Røyking/snusing på skuleområdet
RU: Bruk av rusmidlar på skulen/skuletur
-
-
FP: Fusk/plagiering
IK: Brot på IKT-reglementet
AÅ: Anna åtferdsbrot
-
Merknad om avvikande orden:
FT: For sein til time
G: Gløymd/ikkje skaffa læremidlar
IL: Ikkje utført pålagt læringsarbeid
IV: Ikkje varsla fråvær
FU: Forsøpling/uorden
SI: For sein innlevering
A: Anna ordensbrot
Behandling av fusk:
-
Når det er påvist eller mistanke om fusk, blir eleven eller elevane det gjeld kalla inn til samtale med lærar, kontaktlærar og/eller avdelingsleiar.
-
Når det er fastlagt at fusk har skjedd, og eleven har hatt høve til å uttale seg, kan refsingstiltak setjast i verk i form av skriftleg påtale, utelukking eller bortvising. Åtferdsmerknad kjem i tillegg.
-
Vurdering av prøve eller innlevert arbeid blir annullert. (Fagkarakter kan ikkje setjast.)
Setting av karakter i orden og i åtferd:
-
Vi har rettleiande tal for kor mange merknader som gir nedsett karakter, 3 – tre – ordinære merknader på åtferd (lite god etter 6 merknader) og 7 – sju – ordinære merknader på orden, (lite god etter 14 merknader). Karakteren kan berre setjast ned viss det er sendt varsel til eleven på førehand, noko som må gjerast så snart kontaktlærar ser at talet og tyngda på merknader veks. (Sjå avsnittet om føring av merknader.) Grove brot på skulereglementet kan gi nedsett karakter med færre merknader enn det rettleiande talet.
Fråvær innafor ramma av til saman 10 skuledagar i året: (§ 3-47 i forskrift til opplæringslova)
-
Det er kontaktlærar som godkjenner krav frå eleven om reduksjon av fråvær og fører det som ”A”-fråvær. Alt A-fråvær med unnatak av sjukdom skal godkjennast på førehand.
-
Helsegrunnar: Krev alltid legeattest, og berre fråvær frå og med fjerde sjukedagen i kvart sjukdomstilfelle kan trekkjast ifrå. Ved legeattest som dokumenterer risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
-
Velferdsgrunn: Ingen spesifiserte reglar, ei individuell vurdering av eleven sine behov. (Dette er analogt med fylkeskommunen sitt permisjonsreglement for arbeidstakarar om rett til velferdspermisjon med lønn.) Eksempel: Dødsfall og gravferd for nokon som står ein nær, innkalling til lege eller tannlege på heimstaden for hybelbuarar, osb.
-
-
Arbeid som tillitsvald: Regionalt eller nasjonalt elevrådsarbeid, frammøte etter innkalling frå Elevorganisasjonen regionalt eller sentralt. Arbeid som tillitsvald i regionale eller nasjonale organisasjonar kan vere aktuelt.
-
Politisk arbeid, lokalt, regionalt og nasjonalt: Når ein elev er kalla inn til møte i kommunestyre, fylkesting, Storting, ungdomsråd i kommunen, ungdommens fylkesting. Representant i regionale eller nasjonale politiske møte elles, etter individuell vurdering.
-
Organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar: Når ein elev som medlem av Røde Kors, Norsk Folkehjelp eller liknande blir kalla inn til hjelp ved leiteaksjonar eller andre naudsituasjonar.
-
Oppmøte som er lovpålagt: Sesjon, avhør hos politiet, vitne i rettssak m.v.
-
Inntil to dagar ved religiøse høgtider for elev som er medlem av andre trussamfunn enn den norske kyrkja.
-
Deltaking som utøvar i kultur- og idrettsarrangement på regionalt og nasjonalt plan: Etter individuell vurdering, føreset at eleven har gått gjennom ei kvalifisering for å kunne delta.
-
Dersom eleven elles har stort fråvær, kan det avgrense retten til permisjon.
Fråtrekk av inntil 10 skuledagar godkjent fråvær (godkjent av kontaktlærar, eventuelt etter drøfting med rektor/avdelingsleiar) i samsvar med § 3-47 i forskrift til opplæringslova blir gjort av kontaktlærar etter kvart som fråværet blir dokumentert. Når fråværet har nådd grensa på 10 skuledagar i skuleåret, blir alt fråvær ført som ”X”-fråvær.
Manglande grunnlag for karakterar i fag:
-
Elev og faglærar har eit felles ansvar for å sørgje for at læraren har grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Viss læraren har slikt grunnlag, skal eleven ha karakter i faget. Viss eleven ikkje har fått varsel om fare for ikkje å få karakter, skal eleven i alle fall ha karakter. Vi rår til at eleven får varsel om slik fare ved 15% fråvær (av alle planlagde timar i halvåret) i faget, eller når faren er der av andre grunnar. Det er faglærar som sender varsel via kontoret. Kontaktlærar skal ha kopi av varselet.
Rutine for melding om fråvær:
-
Eleven skal melde ifrå dersom ho/han er borte ein time eller meir, eller må gå ifrå ein time. Eleven sjølv eller føresette melder ifrå til faglærar, kontaktlærar eller kontoret. Melding om fråvær må meldast vidare til kontaktlærar, som for kvar elev kontrollerer fråvær mot det som er meldt. (Ikkje meldt fråvær fører da til ordensmerknad, men ikkje meir enn ein merknad pr. dag.)
ORDEN PÅ ARBEIDSROM OG UTE
Alle elevar skal medverke til at det er god orden i arbeidsrommet, at tavla blir pussa etter at timen er slutt, at ingen skriv på pultane. Undervisningsromma skal vere låste i friminutta. Kontaktlærar skal sørgje for at gruppa har ordensansvarleg, ei oppgåve som går på omgang i gruppa.
Kvar klasse har tildelt ein ryddeteig ute som dei har ansvaret for å halde i orden. Klassa må med jamne mellomrom ta eit tak på teigen sin og sjå til at den er ryddig. Dersom den enkelte elev ikkje kastar søppel og brask rundt seg, men bruker søppelkassene som står på området, vil arbeidet på ryddeteigane bli minimalt.
Skulen er Miljøfyrtårn, og vi er alle med og skapar miljø og trivsel på skulen. Miljøet blir best om alle tar sin tørn.
SIKRING AV DINE EIGNE SAKER
Vi har dessverre hatt nokre tilfelle av at bøker, verkty og anna utstyr har vorte borte eller øydelagt for elevar på skulen. Det er derfor viktig at du ikkje let sakene dine ligge i gangen, i tomme arbeidsrom eller i skap som ikkje er låst. Skulen kan ikkje ta noko ansvar for erstatning i slike tilfelle. Vi gjer sjølvsagt det vi kan for at dei skuldige i slike straffbare handlingar blir tekne, men skulen er avhengige av samarbeid med elevane om dette.
BIBLIOTEKET
Biblioteket på Vinstra vidaregåande skule er ope heile skuledagen. Der kan du lese aviser og anna, låne bøker, lydbøker, DVD-ar og CD-ar og arbeide i studietimane. Du bør nytte deg av dette tilbodet. Biblioteket er eit nyttig verkemiddel om du brukar det rett. Her finst t.d. om lag 12.000 bøker du kan låne, her finst stoff til stilar og prosjektarbeid. Biblioteket er òg ein plass du kan gjere heimearbeid til neste dag. Elevar har stundom gruppearbeid på biblioteket.
Utlån blir registrert i eit datasystem av dei bibliotektilsette. Lånefrist for bøker er fire veker, ei veke for DVD-ar og CD-ar. Lærebøker blir lånt ut frå biblioteket ved skulestart, med lånetid eitt skuleår.
Kopieringsmaskin og skrivar for elevane står i biblioteket. All kopiering for elevane skal gå føre seg her. Dersom du skal ha attestert kopi av vitnemål, må du likevel gå til resepsjonen (kontoret).
Nye elevar får orientering om biblioteket og opplæring i bruken tidleg om hausten. Bibliotekar Ellen Lilleeng er ansvarleg for biblioteket, Anne-Brit Bismo er der ein dag i veka.
LÆREBØKER OG DATAMASKINAR
I den vidaregåande skulen er det gratis læremidlar for alle elevar. Skulen har kjøpt inn bøker som vil bli lånt ut gratis på skulebiblioteket ved skulestart.
Bruk av Internett til å hente lærestoff blir meir og meir brukt. Alle elevar leiger berbar datamaskin for bruk i undervisningsrom og andre plassar på skulen og heime. (Sjå avtale om leige og IKT-reglement.) Skulen bruker det elektroniske læringsmiljøet Fronter til å legge ut planar, fagstoff og prøver, og elevane kan levere prøvesvar, delta i diskusjonsgrupper m.v. Ansvarleg for bruk av Fronter på skulen er Steinar Moen. I rommet Oppslagstavla på Fronter vil du finne informasjon til alle elevar på skulen.
KANTINA
Kjetil Storbråten driv kantina. Han og medarbeidarane hans ønskjer deg velkommen til kantina, der du får kjøpt mat og drikke og kan slappe av. I samarbeid med Ung i Midtdalen held Kantina fram med tilbod om frukost og middag for elevar. Skulen har prosjekt ”Sunn kantine” der prisane på salat, grove brødvarer og frukt blir subsidiert, medan sal av brus, søtsaker og kaker blir begrensa.
Kantina er ein viktig samlingsstad, og vi er alle interesserte i å ha det ryddig og pent der. For at vi skal få dette til, må kvar enkelt rydde etter seg før dei forlèt kantina. Servise, bestikk o.l. skal setjast på oppsamlingsborda og papir og anna brask leggjast i søppelkorga. Viss prisane skal kunne haldast nede, må alle rydde bordet etter seg når dei går og ikkje sett att koppar og bestikk rundt omkring på skulen. I kantinerådet er elevane representerte. Gjennom dette rådet kan dei påverke tilbod og prisar.
LÅN OG STIPEND
Elevar i vidaregåande skular kan søkje om økonomisk stønad til utdanninga frå Statens lånekasse for utdanning. Du kan søkje om studielån eller behovsprøvd stipend - med mogleg bustipend. Alle elevar med ungdomsrett får (etter søknad) stipend som ikkje er behovsprøvd til kjøp av læremidlar, t.d. papir og skrivemateriell, berbar datamaskin m.v.
Du får tilgang til Lånekassens elektroniske søknad gjennom www.vigo.no etter at du har takka ja til ein skuleplass der. Du kan også gå inn på www.lanekassen.no og logge deg inn på Dine sider. Det er lurt å sende søknaden så snart som råd etter at du har takka ja til skuleplass. Frist for å søkje stipend for heile skuleåret er 15.november. Skulen er pliktig til å melde ifrå til Lånekassa dersom ein elev med lån eller stipend har stort fråvær. Dette kan få konsekvensar for stønaden.
ELEVRÅDET
I § 11-6 i opplæringslova står følgjande:
Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.
Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.
Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane på skulen. (…osb...)
Elevrådet skal vere eit organ som skal arbeide for elevane sine interesser ved skulen. Det skal vere eit bindeledd mellom elevane og leiinga ved skulen og mellom elevane og dei sentrale organisasjonane.
Kvar klasse vel to likeverdige tillitselevar. Desse har plikt til å møte når det blir kalla inn til elevrådsmøte. Leiar i elevrådet blir vald av elevane. I tillegg blir 4-5 elevar frå elevrådet valde, desse saman med formannen er da elevrådsstyret. Elevrådsstyret blir vald ved nyttår.
SKULEUTVALET OG SKULEMILJØUTVALET
Opplæringslova krev at skulen skal ha eit skuleutval. I skuleutvalet er det to elevrepresentantar, forutan representantar for leiinga, lærarane og andre tilsette på skulen. Skuleutvalet kan uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Skulemiljøutvalet er også nedfelt i opplæringslova, som krev at elevane er i fleirtal i dette utvalet. Skulemiljøutvalet kan uttale seg i alle saker som gjeld innemiljø, utemiljø og læringsmiljø ved skulen og er særlig viktig i ein skule som er Miljøfyrtårn.
ARBEIDSMILJØUTVALET
Det møter òg to elevrepresentantar i skulen sitt arbeidsmiljøutval (AMU), når AMU behandlar saker som gjeld elevane.
UNG I MIDTDALEN
Ungdomsprosjektet Ung i Midtdalen (UiM) er eit samarbeidsprosjekt med kommunane i Midt-Gudbrandsdal. Prosjektleiar Mari Grasbakken har kontor i Nord-Fron kommune, men vil òg vere å treffe i Elevhuset ved kantina. (Sjå kart.)
Målgruppa til Ung i Midtdalen er ungdom frå 13 til 20 år, og målet er å skape eit aktivt og positivt ungdomsmiljø i Midtdalen, på tvers av kommunegrenser og med ungdom sjølve i sentrum. UiM arrangerer ein del aktivitetar gjennom skuleåret i samarbeid med
elevar og tilsette, men også tilbod utanom skuletida.
UiM treng dykk som elevar og ungdom til å vere med og planlegge og organisere ulike aktivitetar, så ta kontakt med Mari om du vil vere med. Det er litt jobb, men mest moro. For å kunne skape spennande og morosame aktivitetar er det også nødvendig at de som ungdom kjem med innspel om kva de ønskjer og saknar av tilbod i nærområdet. Prosjektleiar kan vere med og organisere, støtte, rettleie og koordinere ulike aktivitetar, arrangement og tilbod.
UTANOM SKULETID
Elevar som bur på hybel og andre elevar kan bruke delar av skulen til organisert verksemd utanom skuletid etter nærare avtale. Musikkelevar kan låne øvingsrom og instrument på kveldstid. Hybelbuarar kan låne vaskemaskin i kjellaren i administrasjonsbygget. For å kome inn utanom skuletid må du ha nøkkelbrikke som du kan hente ut på kontoret. Vi vurderer å opprette ei stilling som kontaktperson for hybelbuarar.
BRUK AV TOBAKK
Skulen ser det som si oppgåve å bidra til at elevar skal gjere minst mogleg skade på seg sjølv med bruk av tobakk og ikkje sjenere andre med røyk. Du som elev kan derfor glede deg over at heile skuleområdet – både inne og ute – er fritt for røyk og bruk av snus heile døgnet og heile året.
RUSMIDDELPROSJEKT
Nord-Fron kommune har etablert eit prosjekt som skal arbeide førebyggande mot misbruk av rusmidlar og har tilsett Hilde K Holtesmo som prosjektleiar. Ho vil i samarbeid med skulen si leiing, rådgivarar og elevråd sørgje for ei intensivering av det førebyggande arbeidet ved skulen.
FORSIKRING MOT ULYKKE
Oppland fylkeskommune har eiga ulykkesforsikring for elevane.
Forsikringa gjeld i undervisningstida, ved utplassering, på utferder, skuleturar o.l.
Forsikringa gjeld òg på veg til og frå skulen. For elevar som har delar av opplæringa si ute i ei bedrift, gjeld den yrkesskadeforsikringa som bedrifta har. (Viss bedrifta er så lita at den ikkje har yrkesskadeforsikring, dekkjer fylkeskommunen dette.)
Nærare opplysningar på www.oppland.no
DEI TILSETTE:
Leiinga:
LEA Lesjø, Aage Rektor
BRO Bratland, Olav Ass. rektor. Avdelingsleiar for studiespesialiserande utdanningsprogram
NYR Nystuen, Rolf Avdelingsleiar for bygg- og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon
RØE Rønning, Eirik Avdelingsleiar for rådgivingsteneste og spesialundervisning.
Koordinator for oppfølgingstenesta
WAG Wadahl, Gerd Avdelingsleiar for helse-/sosialfag
TAB Tangstad, Birger Avdelingsleiar for musikk, dans, drama og medium/kommunikasjon
NON Nordrum, Nina V Avdelingsleiar for elektrofag og IKT
SYA Syverhuset, Anton Avdelingsleiar for administrasjonskontor og økonomi
Helserådgivar: (Har òg oppgåver med sosial rådgiving)
NIR Nilsen, Brit
Fagrådgivarar:
LAL Larsen, Liv
REA Reitan, Anngrim
PP-rådgivar:
TOL Toppen, Laila
Bibliotekar:
BIA Bismo, Anne-Brit
LIE Lilleeng, Ellen ansvarleg
Kontoret:
BRP Bråtet, Per
IVL Iversen, Liv
RAA Rasmussen, Anne-Kari Høglund
RUT Rusten, Tove
Lærarar:
AMH Amundsen, Håkon elektrofag
ABR Abiel, Rami engelsk, samfunnsfag
BIA Bismo, Anne Brit samfunnslære
BJE Bjørke, Erik musikk
BJG Bjørkli, Egil teknikk og industriell produksjon
BLA Blakar, Arild teknikk og industriell produksjon
BRJ Brandvol, Jon Håvard fysikk, matematikk, naturfag, IKT
BRL Brendstuen, Liv-Marit helse- og sosialfag
BRT Brøske, Tor norsk og samfunnslære
BRM Bråten, Tormod elektrofag
BUM Buer, Marius Sunde byggfag
EGS Egtvedt, Sigrid musikk
ELI Elvestad, Ingebjørg kroppsøving/dans/drama, psykologi
FOM Fossum, Magnhild Rem dans
HAJ Hansen, Bjørn Espen medium og kommunikasjon
HAV Hagen, Vemund medium og kommunikasjon
HAÅ Haugstad, Åshild Alette musikk
HAR Hatlen, Ole Nerum kroppsøving
HER Henriksen, Ranveig dans
HOI Holen, Ingrid Julie norsk, samfunnsfag
HOP Holten, Per Ivar teknikk og industriell produksjon
HØI Hølmen, Ivar elektrofag
HØM Høistad, Magnar matematikk, naturfag, geografi
JEV Jensvoll, Vidar byggfag
KAV Karlsen, Vegard musikk
KIK Kirknes, Knut realfag/matematikk
KJA Kjersem, Arnhild Beate norsk
KLK Klashaugen, Knut elektrofag
KLA Kleiven, Hanne rettslære
KNM Knappskog, Marit norsk, samfunnslære
KNK Knudsen, Kirsten musikk
KNA Knudsen, Martin bygg-/anleggsfag
KOJ Kolås, Janne medium og kommunikasjon
KRE Krokmoen, Eli spansk, medium og kommunikasjon
KVI Kvernes, Ingrid matematikk, naturfag
KVO Kvaal, Morten musikk
LED Levsen, Dirk historie, samfunnslære, tysk
LIT Lien, Terje J byggfag
MAN MacGregor, Kenneth engelsk
MJJ Mjøen, Jan Tore teknikk og industriell produksjon
MOS Moen, Steinar matematikk, informatikk
MOV Moshagen, Vegard musikk
MYD Myren, Ida Kristin engelsk
NON Nordrum, Nina Valberg naturfag
OLV Olaussen. Vidar informatikk, musikk
PAR Pagel, Rosemarie tysk
POM Popova, Mariya engelsk
REG Resset, Gro Anita Hansen naturfag
RIO Risdal, Ole Christian norsk, samfunnsfag
ROM Rolstad, Emil musikk
ROE Rolstad, Erland teknikk og industriell produksjon
ROT Romtveit, Tone Haugen musikk
RUN Rudi, Nina Berge norsk, engelsk
RUO Rustad, Tom Willy musikk
RYA Ryen, Ann-Iren Kolås medium og kommunikasjon
RØM Røssummoen, Marte helse- og sosialfag
RØO Røssum, Olav naturfag
SAM Sandbakken, Morten teknikk og industriell produksjon
SAH Sandviken, Hans norsk , samfunnskunnskap, historie
SAP Santos, Paulo F dos dans
SKA Skurdal, Malin Josefine medium og kommunikasjon
SKV Skjeggestad, Vebjørn kroppsøving
SKR Skjæret, Kristin norsk
SLN Slang, Tine Elisabeth helse- og sosialfag
SPI Spjotum, Ingunn Teige økonomi, matematikk
STR Stauri, Rasmus norsk, fransk, musikk, medium/kommunikasjon
STG Stenberg, Guri engelsk
STN Stormyrbakken, Nora norsk, tysk og religion
SVH Sveipe, Hans elektrofag
SØE Sørensen, Eldbjørg helse- og sosialfag
TAR Tagestad, Runa Løkken helse- og sosialfag
TEA Teigen, Arild samfunnsfag
THÅ Thinn, Åshild dans
TIS Tingstad, Sigurd Emil musikk
TOB Tofte, Bjørn byggfag
TOT Tofte, Tormod tysk, engelsk, norsk
THT Torjusen, Thomas medium og kommunikasjon
VAB Vassbotten, Bengt byggfag
VAG Vargeid, Grete musikk
VOK Vole, Kjell Arne byggfag
VÅV Vårdal, Vegar musikk
WII Widme, Inger Lise helse- og sosialfag
ØFI Øfsteng, Ingrid biologi, kjemi, tysk
ØFT Øfsteng, Thormod elektrofag
Elevassistentar:
AMA Amrud, Anders
GUK Gunnarstuen, Kristin
HAD Haugseth, Eldbjørg Karin
HEL Hermansson, Lars
KVD Kvalen, Odd
RIH Risdal, Helge
WIK Wistad, Kirsti
ØIE Øiumshaugen, Else
ØVH Øverli, Hanne Lisbeth
AAC Aas, Christel Brekken
Verkstad- og vaktmeisterassistent:
KLH Kleiven, Harald
Driftspersonale:
BEI Berget, Idar Torbjørn Vaktmeister
BRE Bratlien, Reidun Reinhaldar
ENA Enget, Aud Reinhaldar
HAA Hagelien, Aase Reinhaldar
HUA Huse, Aud Iren Reinhaldar
MIR Mikkelsen, Randi H. Reinhaldar
NOJ Nordølum, Jan Erik Leiande vaktmeister
SIR Silliløkken, Randi Reinhaldar
STA Strømstad, Randi Reinhaldar
SÆÅ Sæther, Åse Eriksen Leiande reinhaldar
VAE Varpestuen, Elin Reinhaldar
WAT Watterud, Tove Vaktmeister
IKT-vedlikehald:
BJH Bjørkheim, Henrik lærling IKT
HAA Hage, Joakim lærling IKT
LØS Løkken, Stig IKT-ansvarleg
MOS Moen, Steinar Fronter-ansvarleg
SKP Skyberg, Pål lærling IKT
TOK Torgersen, Kim Roger lærling IKT
