Foto: Guri Skurdal Tofte

Studiespesialisering

Dersom du vel studiespesialiserande program vil svært mange utdanningsvegar vere opne for deg. Samfunnet treng i stor grad folk som ikkje har spesialisert seg for tidleg, og som har ei brei og solid allmennutdanning.

Studiekompetanse

Studiespesialisering er den tradisjonelle vegen fram til høgare utdanning. Etter å ha fullført 3 år, får du generell studiekompetanse. Da kan du søke vidareutdanning ved mange høgskolar og universitet. Mange studiar krev spesiell studiekompetanse (til dømes medisinstudiet, veterinærstudiet, siv.ing studiet og økonomiske fag BI). Det er berre ved å velje spesielle fagkombinasjonar i det studie - spesialiserande programmet du kan få spesiell studiekompetanse.

Studiespesialisering og Vinstra vidaregåande skule

Studiespesialisering er eit omfattande utdanningsprogram på Vinstra.
Vi tilbyr  realfag og  språk, samfunnsfag  og økonomi.
Skulen tilbyr tysk, fransk og spansk som 2. framandspråk.
Språkelevar får som regel ein studietur til utlandet.

Programområde og fag


VG 1


VG 2 og VG 3

Fag

t./veka

Fag

t./veka

Norsk 4 Matematikk 5
Engelsk 5 Fysikk 5
2. Framandspråk 4 Kjemi 5
Matematikk 5 Biologi 5
Naturfag 5 Engelsk 5
Samfunnsfag 3 Rettslære 5
Geografi 2 Sosiologi og sosialantropologi 5
Kroppsøving 2

Sosialkunnskap

Informasjonsteknologi

5

5

Sum

30

Entrepenørskap

5

 

1. Skuleåret (VG1)

I VG1 er det faglege innhaldet likt for alle elevar i studiespesialiserande program.Timeplanen blir lagt over 40 t/v, så du har mange timar du kan bruke til samarbeid med andre eller til sjølvstendig arbeid. Skulen har eit særs godt bibliotek, og alle elevar har eigen bærbar PC.  

 

2. og 3. Skuleåret (VG2 og VG3)

2. og 3. året kan elevane velje mellom mange programfag. Ved å velje ”riktige”programfag kan du skaffe deg spesiell studiekompetanse for den uttdanninga du er interessert i. Du må velje minst 10 veketimar programfag frå det programområdet du har valt.

Vinstra vidaregåande skule har studie - førebuande påbygging for yrkesfag (les meir om dette i læreplanar). 

 

Studiespesialisering kombinert med trening

Vinstra vidaregåande skule gir idrettsungdom i Midt-Gudbrandsdalen tilbod om å kunne ta studiespesialisering over 4 år kombinert med tid til trening på dagtid.

Tilbode gjeld utøvarar i langrenn. I samarbeid med Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen reknar skulen med å kunne gje desse idrettselevane trenarhjelp i ein del av dei frigjorte timane.

Vi legg opp til at alle gjennomfører VG1 på vanleg måte. Deretter vil elevane fordele faga sine på 3 år mot elles 2 år. På denne måten vil ein elev få mellom 17-22 fritimar i veka dei 3 siste åra. Denne tida kan elevane bruke til trening, kvile eller til leksearbeid, slik at dei kan ha fri på kveldane. 

Dersom eleven vil nytte fritimane til trening, må laget/ klubben sjå til at eleven har eit treningsprogram.

Dømet under visar eit opplegg som vil gje eleven både generell og spesiell studiekompetanse ved sida av at ho/ han får tid til å drive idretten sin. Ein elev vil ha spesiell studiekompetanse med realfag (liknande for andre fag):

Vg 1

Vg 2

Fag

t./ veka

Fag

t./ veka

Norsk 4 Norsk 4
Engelsk 5 Framandspråk 2 4
Framandspråk 2 4 Historie 2
Matematikk 5 Matematikk R 1 * 5
Naturfag 5 Biologi 1 * 5
Geografi 2 Kroppsøving 2
Samfunnsfag 3 Tid til trening 17
Kroppsøving 2
Tid til trening 9

Totalt

39

Totalt

39

Vg 3

4. Året

Fag

t./ veka

Fag

t./ veka

Norsk 6 Historie 4
Framandspråk 2 4 Religion 3
Matematikk R2 * 5 Fysikk 2 * 5
Fysikk 1 * 5 Biologi 2 * 5
Kroppsøving 2 Tid til trening 22
Tid til trening 17

Totalt

39

Totalt

39

 

* Programfag

 

Bratland, Olav

 

Ansvar for utdanningsprogram studiespesialisering. Eksamensansvarleg.

 

Nyttige lenkjer

Boklister

Boklister for alle elevar ved VVS i skulåret 2010-2011.

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.