Foto: Vidar Olaussen

Musikk-, dans-, drama

Musikk, dans, drama, - ikkje berre for deg som vil få deg eit yrke innan dette fagfeltet. Vil du dyrke og vidareutvikle interessene dine samstundes som du tar ei vidaregåande utdanning som gir deg studiekompetanse, er musikk, dans, drama det sjølvsagte valet.

På musikk- og danselina blir du del av eit spenstig miljø fullt av konsertar, turar, venskap og satsingar - akkurat slik ein ungdom fortener og likar det best!

Anten du driv med dans eller musikkformer som rock, jazz, klassisk, folkemusikk, finn du vener og medspelarar her. Etter tre år har du fått ikkje berre ei utdanning som gir deg grunnlag for høgare studie.

Du har òg fått eit grunnlag i musikk eller dans som gjev deg ei plattform for å ta del i kreative miljø seinare i livet, og ikkje minst ein praktfull flokk med vener.

FiolinistVi har den einaste landslina i folkemusikk som finst i Norge, - eller musikk, dans, drama med fordjuping i folkemusikk, som det offisielt heiter. Spelar du eit folkemusikkinstrument eller syng har du her moglegheit for å fordjupe deg i folkemusikk. Du får òg treffe andre med same interesse og får folkemusikkvener frå heile landet.

Og, ja - det kan vere arbeidsamt å gå musikklina, - men det toler du: du er ung!

 

Tangstad, Birger


Ansvar for musikk, dans, drama og medium og kommunikasjon

 

Nyttige lenkjer

Boklister

Boklister for alle elevar ved VVS i skulåret 2010-2011.

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.