Foto: Maria Grønsnes

Medium og kommunikasjon

VVS tilbyr 3-årig utdanninga i programfag medium og kommunikasjon til elevar som er ferdig med 10 år i grunnskulen og privatistar. Etter 3 år ved medium og kommunikasjon får du studiekompetanse og kan søke deg vidare til høgskule og universitet. Etter 2 år kan du gå ut som lærling og ta fagbrev.

Vi lever i eit mediesamfunn. Media observerer, formidlar, forklarar og ikkje minst kritiserar hendingar og situasjonar i samfunnet vårt og i verden omkring oss. Media har ei viktig rolle som kjelde til kunnskap, underhaldning, opplevingar og marknadsføring. Difor er det viktig å både ha ein kritisk sans og ei forståing for det vi ser, hørar og opplev.

På medium og kommunikasjon er det dette som står i fokus. Gjennom både praktisk og teoretisk opplæring får elevane høve til å utvikle, designe og produsere eigne medieprodukt innanfor både film, lyd, foto, tekst, web og grafisk design, som til dømes dokumentarfilmar, musikkvideoar, magasin, reklame- og informasjonsmateriell. I tillegg får elevane kunnskap om mediehistorie, medias påverknadskraft og makt i samfunnet.

Medium og kommunikasjon gir både fag- og yrkeskompetanse, men studiet har også allmenne fag.

Mediefaga er delt inn i medieproduksjon, mediedesign og mediekommunikasjon. Både i det fyrste og andre året har elevane faget ”prosjekt til fordjuping”, der elevane får moglegheit til å fordjupe seg i eit fagområde, til dømes i foto, filmproduksjon eller grafisk design (PTF).

Innhaldet og gjennomføringa av undervisninga skjer i tråd med retningslinjene i læreplanane. PTF er eit praktisk og yrkesretta fag som er basert på læreplanane i Mediegrafikerfaget og  Fotograffaget.

Etter to år har elevane tre val; dei kan gå ut som lærling anten i fotograffaget eller som mediedesigner i to år og deretter ta fagbrevet. Dei kan også velje å ta det tredje året med fordjuping i mediedesign – eit år utan allmenne fag – og gå ut med yrkestittelen mediedesigner. Elles kan elevane følgje undervisningsopplegg som gir generell studiekompetanse. Studiekompetansen sikrar at du kan starte på dei fleste høgare utdanningar etter den vidaregåande skule, samt at fleire medieutdanningar krev studiekompetanse for opptak. Det er også fleire som krev at du sendar inn arbeid for å vise kva du kan.

Vel du denne vegen, ventar mange og morosame utfordringar, og gjennom tre års arbeid på medielina får du rikeleg høve til å utvikle deg sjølv, og ikkje minst dine talentar og kreativitet.

 

VG 1

Fyrste året ved medium og kommunikasjon får elevane grunnopplæring i teori og praksis. Elevane får kjennskap til medie- og kommunikasjons-teori og opplæring i å bruke diverse utstyr og dataprogram. Elevane blir undervist i faga: mediekommunikasjon, mediedesign og medieuttrykk, medieproduksjon og PTF.

Vurdering:

Elevane blir vurdert to gangar i året. Den siste vurderinga er standpunkt karakteren og den er avgjerande for vitnemålet. Dei får ein standpunktkarakter i kvart mediefag. Det fyrste året har ikkje elevane eksamen.

Privatistar skal opp i ein skriftleg eksamen i kvart fag, og ha ein tverrfagleg praktisk-munnleg eksamen.

 

VG 2

Det andre året ved medium og kommunikasjon fortset elevane med dei same faga som i det fyrste året. Men i det andre året blir det vektlagt meir tverrfagleg samarbeid mellom faga. Det andre året er også meir yrkesretta og lokalavisa Dølen er ein god samarbeidspartnar. Film er også sentralt, og stundom har elevane deltatt på film-konkuransen Amandus.

Vurdering:

Elevane får standpunkt karakter i kvart fag. I tillegg skal dei opp i ein tverrfagleg eksamen der alle mediefaga inngår. Eksamen blir ordna og vurdert lokalt.

Privatistar skal opp til ein skriftleg eksamen i mediekommunikasjon, mediedesign og medieproduksjon, i tillegg til ein tverrfagleg praktisk eksamen.

 

VG 3

Dersom du vel å gå det tredje året ved medium og kommunikasjon kan du velje om du vil spesialisera deg i bilde, lyd eller tekst. Bilde, lyd og tekst er Valfrie programfag og ved skulestart kan elevane velje eitt av desse tre faga. Elles må alle elevane ha faget som heiter Felles programfag i medium og kommunikasjon, som består av innholdsproduksjon og medium i samfunnet.

Vurdering:

Alle vg. 3- elevar må opp til eksamen i Felles programfag. Dei valfrie programfaga lyd, bilde og tekst kan elevane bli trekt til eksamen kvart år. Desse eksamenane blir ordna og sensurert lokalt. I tillegg til dette får dei ein standpunkt karakter i Felles programfag og valfritt programfag.

Privatistar har same eksamensordning som elevane.

 

Timeplanen på Vg -1,  -2 og -3 kan sjå ut som dette:

Fag

Timar/veke

VG 1

Mediekommunikasjon

Mediedesign

Medieproduksjon

PTF

Engelsk

Norsk

Matematikk

Naturfag

Kroppsøving

Kontaktlærar

6

6

6

6

3

2

3

2

2

1

sum

37

VG 2

Mediekommunikasjon

Mediedesign

Medieproduksjon

PTF

Engelsk

Norsk

Samfunnsfag

Kroppsøving

Kontaktlærar

6

7

7

7

2

2

2

2

1

sum

36

VG 3

Fells programfag (innhalds produksjon og medium i samfunnet)

Valfritt programfag

Engelsk

Norsk

Matematikk

Naturfag

Historie

Kroppsøving

5

5

5

10

5

3

4

2

sum

39

Tangstad, Birger


Ansvar for musikk, dans, drama og medium og kommunikasjon

 

Nyttige lenkjer

Boklister

Boklister for alle elevar ved VVS i skulåret 2010-2011.

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.