VG1
VG1 elektrofag vil gi deg grunnlaget for ei rekke valmoglegheiter til å jobbe med produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele- og datakommunikasjon og elektriske og elektroniske apparat. Elektrofaga er inne i ei rivande teknologisk utvikling som stiller store krav til systemforståing og tryggleik. Dersom du vel denne utdanninga, vil du få variert praktisk og teoretisk grunnopplæring og ei brei plattform for vidare yrkesval.
VG2
Her kan du på Vinstra vidaregåande skule velja mellom Elektroenergi og Data-Elektronikk. Dersom du vel Elektroenergi, vil du etter VG2 kunne gå ut i ei bedrift som lærling. Dei lærefaga som da kan vere aktuelle er:
VG3
Har du på VG2 valt Data og elektronikk, kan du ved Vinstra vidaregåande skule gå eit tredje år med utdanning innan dataelektronikarfaget. Her ser du vegen vidare for avgangselevane våre våren 2005:
- 2 heismontørlærlingar
- 7 elektrikerlærlingar
- 3 energimontørlærlingar
- 3 serviceelektronikar, system
- 1 serviceelektronikar, tele, data og alarm
- 2 serviceelektronikarar, bilelektronikk
- 6 tek generell studiekompetanse