Bygg- og anleggsteknikk
Vil du bli tømrar, murar, betongarbeidar, stillasbyggjar, rørleggjar, anleggsmaskinførar, blikkenslager, reinhaldsoperatør, overflatebehandlar eller målar? Bygg- og anleggsteknikk gir deg opplæring i desse faga, og gir deg moglegheit for å gå vidare innafor mange håndtverksfag. Vi jobbar mykje med realistiske arbeidsoppgåver i fine lokale på skulen og med oppdragsarbeid ute på bygda.
VG1 - Bygg- og anleggsteknikk
VG1 Bygg- og anleggsteknikk er nøkkelen til desse yrka, og til mange andre håndtverksfag. Bygg- og anleggsteknikk omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhørande tekniske installasjonar. Spennvidda for opplæringa er stor, og det er eit mål å utvikle samarbeid, faglig forståing og respekt for dei ulike faga.
Hovudområde i programfag:
- Produksjon – 12t/v
- Teikning og Bransjelære – 5t/v
- Prosjekt til fordjuping – 6t/v
- Til saman 23t/v
Fellesfag:
- Norsk – 2t/v
- Engelsk – 3t/v
- Matematikk – 3t/v
- Naturfag – 2t/v
- Kroppsøving – 2t/v
- Til saman 12t/v.
Opplæringa i VG1 - Bygg og anleggsteknikk omfattar oppføring, ombygging, vedlikehald og produksjon av bygningar og anlegg. Det vil bli ei variert praktisk og teoretisk grunnopplæring som gir eit godt innblikk i kva for VG2 - kurs som er aktuelle for deg. På VG2-nivå kan VVS tilby faga byggteknikk, overflateteknikk, klima-, energi- og miljø-teknikk:
VG2 – Byggteknikk
Vil du bli tømrar, murar, betongarbeidar eller stillasbyggjar? Vg2 Byggteknikk er nøkkelen til desse yrka.
Hovudområde i programfag:
- Produksjon – 12t/v
- Teikning og Bransjelære – 5t/v
- Prosjekt til fordjuping – 9t/v
- Til saman 26t/v
VG2 – Overflateteknikk
Vil du bli målar, industrimålar eller reinhaldsoperatør? Vg2 Overflateteknikk er nøkkelen til desse yrka.
Hovudområde i programfag:
- Produksjon – 12t/v
- Teikning og Bransjelære – 5t/v
- Prosjekt til fordjuping – 9t/v
- Til saman 26t/v
VG2 – Klima- Energi- og Miljøteknikk
Vil du bli rørleggjar, taktekkjar eller ventilasjons- og blikkenslager? Vg2 Klima-, energi og miljøteknikk er nøkkelen til desse yrka.
Hovudområde i programfag:
- Produksjon – 12t/v
- Teikning og Bransjelære – 5t/v
- Prosjekt til fordjuping – 9t/v
- Til saman 26t/v
Fellesfag, gjeld alle desse Vg2 tilboda:
- Norsk – 2t/
- Engelsk – 2t/v
- Samfunnslære – 3t/v
- Kroppsøving – 2t/v
- Til saman 9t/v.
Det er stort behov for fagutdanna personar innafor Bygg- og anleggsbransjen. Ei utdanning innafor denne bransjen vil derfor sikre deg jobb når du har fullført utdanninga di.
Det er stor etterspurnad på fagfolk innafor dei fleste byggfaga. Dette fører til at det er godt om læreplassar innafor desse fagområda, noko som gir utsikter til eit godt betalt yrke i framtida. For meir informasjon, ta kontakt med skulen.