Lærarane våre seier dette om skulen dei arbeider på:
I hjertet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling. Vårt mål er å utvikle nysgjerrige, engasjerte og bevisste elevar. Med energiske, glade og begeistra lærarar, i eit trygt miljø prega av trivsel, kunnskap og eit snev av galskap vil vi vere med på å gjere deg klar for framtida. Velkommen som elev ved Vinstra vidaregåande skule!
Ein skule med glede – energi – fellesskap!
-
Samfunnet vårt er avhengig av elektrisitet til mange viktige funksjonar. Grunnleggjande utdanning i elektrofag opnar for mange interessante yrker. På Vinstra vidaregåande skule kan vi tilby opplæring retta mot både fagbrev og vidare studiar.
(12.05.09)
-
VVS tilbyr 3-årig utdanninga i programfag medium og kommunikasjon til elevar som er ferdig med 10 år i grunnskulen og privatistar. Etter 3 år ved medium og kommunikasjon får du studiekompetanse og kan søke deg vidare til høgskule og universitet. Etter 2 år kan du gå ut som lærling og ta fagbrev. (12.05.09)
-
Helse og sosialfag er den breie inngangen til arbeid innan helse og sosialsektoren, barnehagar, sjukeheimar, sjukehus og liknande. (12.05.09)
-
Velgjer du Vg1 Teknikk og industriell produksjon, får du inngangsbillett til 58 forskjellige yrke innafor teknisk industri, skipsindustri, bilbransjen, kjemisk prosessindustri, traktor- og anleggsmaskinbransjen og oljeindustrien. Er du interessert i å ta ei utdanning innafor eit av desse yrka, er Vg1 Teknikk og industriell produksjon nøkkelen til desse. (12.05.09)
-
Vil du bli tømrar, murar, betongarbeidar, stillasbyggjar, rørleggjar, anleggsmaskinførar, blikkenslager, reinhaldsoperatør, overflatebehandlar eller målar? Bygg- og anleggsteknikk gir deg opplæring i desse faga, og gir deg moglegheit for å gå vidare innafor mange håndtverksfag. Vi jobbar mykje med realistiske arbeidsoppgåver i fine lokale på skulen og med oppdragsarbeid ute på bygda. (12.05.09)
-
Musikk, dans, drama, - ikkje berre for deg som vil få deg eit yrke innan dette fagfeltet. Vil du dyrke og vidareutvikle interessene dine samstundes som du tar ei vidaregåande utdanning som gir deg studiekompetanse, er musikk, dans, drama det sjølvsagte valet. (12.05.09)
-
Dersom du vel studiespesialiserande program vil svært mange utdanningsvegar vere opne for deg. Samfunnet treng i stor grad folk som ikkje har spesialisert seg for tidleg, og som har ei brei og solid allmennutdanning. (12.05.09)