Gunnar Stålsett på Vinstra vidaregåande skule

Gunnar Stålsett

Skulen var så heldig å få den nasjonalt og internasjonalt kjende kyrkjemannen og politikaren Gunnar Stålsett på besøk tysdag. Han heldt dei 200 i Inntunet i full konsentrasjon i nærare to timar. 

Stålsett gikk av som biskop i Oslo for fem år sidan og arbeider no for forståing og fred i ein europeisk organisasjon av kristne og andre religionar.  Han er òg utsending for den norske regjeringa som fredsmeklar i Øst-Timor.  Hans bodskap om menneskesyn, toleranse og dialog gjorde eit djupt inntrykk hos elevar og lærarar.

Del

    Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
    Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.