2 x 30 år for Vinstra vidaregåande skule

Norges Vels Medalje 2009

Anton Syverhuset og Rolf Nystuen fekk ved ei tilstelling for tilsette på skulen 22. desember tildelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste av fylkesordførar Audun Tron.

Begge dei to veteranane har vore tilsett ved Vinstra vidaregåande skule sidan 1. august 1979.  Dei to har også vore trufaste medarbeidarar i leiinga av skulen, først som hovudlærarar og inspektørar frå 1980-talet, deretter som avdelingsleiarar etter omorganiseringa i 1998.

Rolf Nystuen har ansvaret for utdanningsprogram teknikk og industriell produksjon og utdanningsprogram bygg- og anleggsteknikk, samt reinhalds- og vaktmeistertenesta.  Han er også verneleiar.

Anton Syverhuset har ansvaret for utdanningsprogram elektrofag samt IKT, økonomi og kontor.  Han har også ansvaret for det skuleadministrative systemet for alle dei vidaregåande skulane i Oppland fylke.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.