Høykontrast
Hjelp
Elevar frå musikklina på Vinstra vidaregåande skule stod for opningsfanfaren da yrkes-NM vart opna på staseleg vis med kronprinsesse Mette-Marit i spissen.
Musikklina har elevar med fordjuping i rytmisk og klassisk musikk, ved sida av landsline for folkemusikk (den einaste i landet) og fordjuping i dans (den einaste i Oppland). Dei fekk vist seg fram i stor breidde under opningsseremonien.