Vinstrarussen fekk Trafikksikkerhetsprisen

Ane Merete, Kjersti, Mari

Russen 2011 på Vinstra vidaregåande skule fekk Trafikksikkerhetsprisen 2011 for Oppland fylke for sitt førebyggande arbeid mot trafikkulykker, her representert ved Ane Merete Sjåstad, Kjersti Lorentzen Kolstad og Mari Holmestad.

Med bakgrunn i at fire ungdommar frå Midt-Gudbrandsdal mista livet i trafikkulykker i 2010 skapte Vinstrarussen 2011 eit eineståande engasjement mot trafikkulykker.  Russeavisa 2011 er prega av dette, og overskottet av salet har gått til Trygg Trafikk.  I russeavisa finn vi underskrifta til dei som var russ der dei forpliktar seg til å kjøre rusfritt med belte og halde fartsgrensene.  FTU (Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg) syntest dette var det tiltaket i Oppland i 2011 som best fortente prisen, som vart overrakt ved ei tilstelling på Dokka 10. januar, der ein også minnast dei 19 som omkom i trafikken i Oppland i 2011.  Dei tre jentene som representerer Vinstrarussen 2011 er russepresident Ane Merete Sjåstad, russeavisredaktør Kjersti Lorentzen Kolstad og tidlegare elevrådsleiar Mari Holmestad.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.