Utdeling av fagbrev og sveinebrev i Midt-Gudbrandsdal

Fagarbeidare og sveinar samla for å ta imot brevet

For første gong fekk nybakte handverkssveinar og fagarbeidarar frå Midt-Gudbarndsdal overlevert sine brev i sin eigen region. Ved ein høgtideleg seremoni i Inntunet på Vinstra vidaregåande skule fekk om lag 30 nyutdanna fagfolk sitt fag- eller sveinebrev overlevert av ordføraren i sin kommune.

Regionrådet i Midt-Gudbrandsdal tok i fjor initiativ til å få dette arrangementet til regionen, og endeleg kunne vi sjå resultatet av dette initiativet i form av eit stilig arrangement med musikk, dans og taler. Deltakarar og gjester stilte i sin finaste stas, noko som understreka det høgtidlege innhaldet, og det var helsingar frå Opplæringskontoret for byggfag i Gudbrandsdalen, Yrkesopplæringsnemnda i Oppland og Midt-Gudbrandsdal Næringsforening. Alle talarane la vekt på kor viktig det er med kompetanse, og fylkesvaraordførar og representant for Yrkesopplæringsnemnda Reidun Gravdal nærast garanterte at dei med fag- eller sveinebrev ville få jobb sjølv om arbeidsmarknaden i periodar kunne bli vanskeleg. Av 63 ferdig utdanna fagarbeidarar og handverkssveinar i regionen i 2010 møtte om lag 30 til dette arrangementet, som vart avslutta med skulechampagne (Mozell), kaffi og marsipankake.

 

Aksel Eng

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leiar av Regionrådet i Midt-Gudbrandsdal Aksel Eng opnar arrangementet

 

 

Lars Nyhus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Programvert og leiar av Karrieresenteret OPUS Midt-Gudbrandsdal, Lars Nyhus 

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.