Til Folldal med fele og dansesko

Feletraktørar i djup konsentrasjon

Bilde frå venstre: Randi Hoseth, Jannike Svensvik Brevik, Sivert Andreas Holmen og Jan Wesenberg. Bak, Arild Plassen frå Folldal.

Siste helg drog tre elevar og to lærarar på landslina i folkemusikk til den gamle gruvebygda mellom Hjerkinn og Alvdal for å lære den lokale folke- og dansemusikken betre å kjenne.

Tekst og foto: Rasmus Stauri, lærar ved Vinstra vidaregåande skule

Folldal ligg mellom Hjerkinn og Alvdal og er ein kommune med 1800 menneske. Midt i sentrum av det som ikkje er eit sentrum står ein stor hammar som vitnar om det som var ein viktig industri i fjellbygda - gruvedrift. Hit drog tre elevar frå landslina i folkemusikk saman med lærarane Tom Willy Rustad og Rasmus Stauri sist helg. Det vart ei lærerik helg med intenst spel av Folldalspringleik og dans på det fine forsamlingshuset «Rondeslottet» bygd i 1907. Elevane Sivert Andreas Holmen, Jannike Svensvik Brevik og Randi Hoseth frå 2 MD kasta ikkje bort tida dei to dagane seminaret vara. Å kaste bort tida var det heller ikkje lagt opp til – det er ikkje derfor ein reiser bort for å lære spel og dans. Men det er ein kunst å foreine det nyttige med det behagelege. Og det vart gjort. Folkemusikkelevane i samspel med Tom Willy Rustad fekk vise seg fram under ein minikonsert laurdagskvelden. Applausen sat laust og var velfortent.

Tett program

Folldal spelemannslag hadde lagt opp eit innhaldsrikt program laurdag og søndag med øvingsøkter over fleire timar. Primus motor for Folldal spelmannslag, Jan Wesenberg, bur i Oslo, og er statsautorisert tolk i russisk, biolog og altså folkemusikar på høgt nivå.

Han er den fremste tradisjonsberaren av Folldalsspelet i dag, og han var drivkrafta i det utvida spelmannslaget som heldt liv i dei vel 30 dansarane som gjekk rundt i festsalen på «Rondeslottet» og talde takter og svikta på toaren i tretakta etter stadig nye friske og ekpressive springleikar – eit musikalsk uttrykk med stor appell for den som vil danse eller dra felebogen.

Folk dansar springleik i "Rondeslottet" 

Vinstrafolket fekk fyrsteklasses stell. Søndagmiddagen var kokt aure og rømmegraut på same tallerken – festkost i Folldal, og riktig lekkert for ganen. Opplegget desse to dagane var framifrå lagt til rette, og Vinstra-elevane og lærarane vart teke imot med hjartelag og varme frå den dyktige arrangørstaben. Attendeturen gjekk nedetter Atndalen med dei snøkledde toppane i Rondane som postkortkulissar, over Ringebufjellet og ned Venabygda og heim til døladalen. Sjeldan har vel nokon vore så einig i orda frå skulestilen på folkeskulen: «Alle var einig i at det var ein fin tur!» Folldal spelmannslag: Vi kjem att seinare frå Landslina i folkemusikk for å lære meir!

 

 

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.