VVS elevar med song og spel på Heidalstun
Dei eldre på Heidalstun bo-og servicesenter fekk ein ljos og triveleg stund da elevar frå studieretning Musikk, dans og drama heldt konsert for dei ei kvardagstorsdag i november.
På bildet kan du sjå Julie, Kristin, Astrid, Gro, Ingeborg, Sigrid og Therese i aksjon. Bebuaren som sit til høgre på bildet heiter Anna Randen og er godt over 90år, men syngje gjorde ho, og ho kunne sangane!
Åtte elevar frå studeretning Musikk, dans og drama heldt konsert på Heidalstun bo- og servicesenter. Temaet for musikkstunden var Alf Prøysen, eit kjært namn for oss alle. Elevane las frå Teskjekjerringa, og dei spelte og sang "Bolla pinnsvin", "Det kan bare Lillebror", "Du skal få en dag i mårå", "I bakvendtland" og fleire andre av Prøysens kjente viser. Visene var arrangerte av elevane sjølve, slik at det vart eit personleg preg på konserten.

Lærar Sigrid Egtvedt mottek blomar frå hjelpepleiar Marit Sanden som takk for ei triveleg stund.
På Heidalstun hadde mange møtt opp for å høre elevane frå Vinstra vdg skule.Musikken var arrangert av musikkelev Hans Kjorstad, men han var ikkje til stades. Arrangementet er del av eit tverrfagleg prosjekt mellom dei to studeretningane musikk- dans, drama og helse- og sosialfag i to år, 2010-2012.