Skule etter flom

Vatnet flomma inn på TIP

Flommen har også gjort inntrykk på Vinstra vidaregåande skule, men alle elevar og tilsette skal møte på skulen som vanleg tysdag 14. juni, eventuelt med avvik på grunn av eksamen. Samferdselsavdelinga i Oppland fylkeskommune gjer det dei kan for å finne skyss til alle.

Fredag flomma vatnet frå Givrabekken inn i underetasjen i yrkesfagblokkene på Vinstra vidaregåamde skule. Verkstader og klasserom her kan ikkje brukast resten av skuleåret. Elevane møter likevel som vanleg. For Vg2 yrkefag er det avslutning i Kantina kl. 12.00 med servering og utdeling av diplom.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.