Rasisme i Gudbrandsdalen?

Heather i Aulaen

Danselærar Heather Cupid frå London har opplevd å høyre nedsettande tiltale som viser til hennar hudfarge, og ho har sett rørsler og høyrd lydar som etterliknar apar.  Dette har skjedd både på skulen som er arbeidsplassen hennar og i bussar og andre stader utanfor.

 

Foto:  Knut Storvik/Gudbrandsdølen Dagningen

Skulen arrangerte derfor ei spontan samling av alle elevar og tilsette som støttar Heather og tek sterk avstand frå slik åtferd.  Meir enn 500 elevar og tilsette kom saman i Aulaen på skulen på kort varsel.  Heather fortalte sjølv korleis ho hadde opplevd dette, og elevrådsleiar Mari Holmestad og rektor apellerte til alle om å ta dette på alvor.  Det er svært positivt at elevane til Heather har gått så tydeleg ut til støtte for læraren sin.

Norsk lov og skulen sitt reglement sett forbod mot å kome med nedsettande utsegner på grunn av rase, religion, kulturell bakgrunn eller seksuell legning.  Det vart òg peika på ansvaret til den som sjølv ser eller høyrer at dette skjer om å seie ifrå.  Politiet i Midt-Gudbrandsdal er orientert om saka og førebudd på å følgje opp.

Dersom Heather reiser attende til London med det inntrykket at Gudbrandsdalen er ein plass for rasistar, har alle vi som bur i regionen tapt.  La oss derfor stå saman for å få slutt på at enkeltpersonar kan forsure miljøet vårt på denne måten.

Les elles om saka i Gudbrandsdølen Dagningen.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.