Musikk og dans i Sør-Fron-kyrkja

Vinterbarn

Elevar og lærarar frå utdanningsprogram musikk/dans/drama gjennomførte fredag 26. november si årlege storsatsing med den etter kvart tradisjonelle konserten i Sør-Fron kyrkje.

Som vanleg var kyrkja full av foreldre, tidlegare elevar, tilsette på skulen og andre musikkinteresserte.  Som rektor er eg stolt over å kunne seie at konserten i år hadde ein svært jamn og høg kvalitet, og dansenummera var godt koreografert og tilpassa lokalet og vart gjennomført på ein flott måte.  Eit godt eksempel på det siste er bildet over, som viser "Vinterbarn" eit nummer som appellerte til mange.  Landslina i folkemusikk sette òg sitt preg på konserten, her med Sina Myhr på langeleik. Og sjølvsagt mye flott korsang.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.