-Korttidsavdelinga på Sørheim kan trygt sende pleiarane sine på kurs på Gjøvik i to dagar, onsdag til torsdag, seier Siv-Kristin Lostad, tilsatt ved Korttidsavdelinga. Ho er ansvarleg på dagvakta i dag og sørgjer for at pasientane er heilt trygge. Mange av dei tilsette på Sørheim er på eit to-dagars kurs, noko dei kan takka elevane for.
Lærerik praksis
-Vi er svært stolte over å ha fått oppdraget, og det er kjempelærerikt for oss å få sjølvstendige oppgåver som dette, seier frå venstre på bildet, dagvaktene Marte Tagestad frå Sør-Fron, og Signhild Rudi, Lisa Granlien,og Tone Rønningen frå Ringebu. Alle går Helsefagarbeidar -vg-2 , på Vinstra vidaregåande skule. I midten ser vi pasient Johan Kjorstad som vart pent bedt om å la seg fotografere. - Han, og dei andre pasientane bidrog til at vi fekk ein meiningsfylt, triveleg, og interessant dag, seier dei fire helseelevane.
Viktig arbeidserfaring
-Arbeidet med pasientar er ein del av opplæringa, og alle elevane i klassa er utplasserte på institusjonar kvar veke store delar av skuleåret. I dag og i morgon er desse elevane tatt ut av skulen for å gjere ein verkeleg jobb for Sørheim. Og i kveld overtek medelevane Anne Haverstad og Jorunn Berget vakta. Sørheim inviterte oss til å ta oppdraget i år også, seier faglærar Tine Elisabeth Slang, som gjerne vil ha fram at dette også er ein måte skulen kan takke alle dei flotte pleiarane som følgjer opp og lærer opp elevane til einkvar tid, på.