Fører musikken inn i eldreomsorga

HS-elevane Julie, Mailin og Hanna

Helsefagarbeidarelevar og musikkelevar har nok ein gong gjennomført eit vellukka tverrfagleg musikk- og helseprosjektet, denne gongen på arbeidstua ved Sundheim bo- og treningssenter.

Torsdag denne veka song og fortalde musikkelevane frå Prøysens kulturskatt for pasientane på Sundheim. Dette er ein del av eit samarbeidsprosjekt som går over fleire år. I gårsdagens hending var det helsefagarbeiderelevene spesielt som blei evaluert.

Dei gamle trivast med kjende tekstar

Attendemeldinga på elevanes innsats var positiv, blant anna song dei demente med i tekstane, fortel dei tre helsefagelevane Julie Jeanette Olsen, Mailin Larsen og Hanna Svan. (På biletet kan du sjå frå venstre; Julie, Mailin og Hanna)

Julie er utplassert på Sundheim bo- og treningssenter, arbeidstua. Ho har spesielt fokus på trivsel og aktivitet hos pasientane i si "lokale læreplan - PTF".  Ho skulle sjå korleis to av pasientane hennar på arbeidsstova trivst med VVS-musikkelevane som syng og les frå Prøysen - jamfør oppslag på VVS nettside 4. nov.

Julie har eit såkalla "velværeskjema", utarbeidd av den kjente legen og musikkterapeuten, Audun Myskja. Ho intervjua to pasientar der ho nyttar dette velværeskjemaet.

Mailin, som er elev på Avdeling vest, fortalde om prosjektet på morgonrapporten, og deretter skulle ho spørje dei pasientane ho steller om dei vil at ho skal følgje dei og vere med dei på musikkstunda.

Hanna er på korttidsavdelinga, ei avdeling med meir sjølvhjelpne pasientar på opptrening. Ho intervjua ein pasient om dei såkalla musikkpreferansane – kva musikk interesser pasienten har. Ho har eit skjema for det, "Preferanseskjema", også laga av Myskja.

Dei tre var på førehand spent på korleis pasientane ville oppleve prosjektet, men kunne konkludere med at dei satt veldig pris på elevanes tiltak.

Takk også til musikkelevane som stiller opp og som har som mål å nå fram til publikum som er på institusjon, denne gongen Sundheim bo- og treningssenter.

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost vinstra.vgs@oppland.org
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.