Energihus UB frå Vinstra på oppdrag i Tromsø
Energihus UB er leigd inn av ENOVA for å stå for ein aktivitet på "Regnmakernes Vennergidag" i Tromsø 9. juni. 6 elevar frå Vg2 byggteknikk får dekt reise og opphald av ENOVA for å gjennomføre oppdraget. Bilde viser sjekken dei fekk med seg frå NM for ungdomsbedrifter.
"Regnmakernes Vennergidag" er opplegg som ENOVA arrangerer i Tromsø 9. juni for 5000 elevar og lærarar på mellomtrinnet i grunnskulen. Ein av aktivitetane for grunnskuleelevane er termografering. Våre elevar i Energihus UB skal står for denne delen av arrangementet og bidreg elles etter behov. Frå Vinstra reiser Stian Ruststuen, Martin Bondestad, Geir Ola Frikstad, Sveinung Næprud, Stian Bakke og Kristian Kjæstad Kamp.