Elevtenesta

Vidaregåande skular i Oppland har etablert Elevtenesta som skal være til hjelp og støtte for elevar og lærlingar under opplæringa. Elevtenesta har som mål å styrke kontaktlærarordninga, systematisere den individuelle oppfølginga av elevar og lærlingar, samt styrke karriererettleiinga.

Alle vidaregåande skuler har ein sosialpedagogisk rådgjevingsteneste og ein utdannings- og yrkesrådgjevningsteneste, som samarbeidar med fylkeskommunens pedagogisk-psykologiske teneste (PPT) og oppfølgingsteneste (OT).

Illustrasjon: Elevtjenesten

Rådgjevarane i skulen og dei tilsette i PPT og OT har tausheitsplikt når det gjeld opplysningar av privat og personleg karakter.
 
For å få rådgjeving og rettleiing kan lærlingar og lærekandidatar kontakte PPT eller OT via fagopplæringskontoret.

Utdannings- og yrkesrådgivaren

skal gi deg informasjon om

  • aktuell offentleg og privat utdanning 
  • yrkesutsikter og arbeidsmarknaden i Noreg og andre land
  • kva krav som blir stilte til ulike utdanningar og yrke
  • inntaksvilkår, søknadsfristar, finansieringsordningar osv.

Rådgivaren skal òg hjelpe deg å utvikle din eigen kompetanse, slik at du kan velje rett utdanning og yrke ut frå eigne evner og anlegg og utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

Årshjul 2009-2010

 

Vinstra vidaregåande skule, Gamle Skåbuveg 10, 2640 Vinstra. Tlf. 61292300. Fax 61292301. Epost
Ansvarleg redaktør: Aage Lesjø. WEB-redaktør: Thomas F. H. Torjusen. WEB-administrator: Per Bråtet.