-
Skulen inviterer til informasjonsmøte for foreldre og føresette onsdag 24.mars kl 1900. Siste frist for påmelding er måndag 22.mars. (10.03.10)
-
Elevar frå medier og kommunikasjon (Mathias Loddengård med kamera) intervjuer tidlegare elev og OL-sølvmedaljør Kjetil Jansrud under World Cup i Kvitfjell 6. og 7. mars. Foto: Knut Storvik, GD. (09.03.10)
-
Feide er Kunnskapsdepartementets valgte løsning for sikker identifisering i utdanningssektoren. I løpet av vinterferien foretar fylkeskommunen den største omleggingen i elevnettverket på mange år. Feide løsningen endrer hverdagen til over 12 000 brukere av IKT løsninger for skolene. (04.03.10)
-
Vinstra vidaregåande skule søkjer lærarar i realfag, dans, mediefag, bygg- og anleggsteknikk, engelsk og norsk frå 1. august 2010. (24.02.10)
-
Vinstra vidaregåande skule søkjer bibliotekar i 20 % fast stilling frå 1. august 2010. (24.02.10)
-
Vinstra vidaregåande skule søkjer kontormedarbeidar i 100 % fast stilling med tilsetting snarast. (24.02.10)
-
Kjetil Jansrud fullførte Vinstra vidaregåande skule i 2005 etter eit opplegg med 4 år med allmennfag og toppidrett. Bildet viser Kjetil som ung elev på skulen. Kjetil tok sølvmedalje i storslalom i OL i Vancouver. (24.02.10)
-
Sara Hizon Kolobekken frå 2SA fekk tur til New York etter å ha vunne ein skrivekonkurranse i regi av Odd Fellow Ordenen. Kvart år arrangerer OF-Ordenen ein skrivekonkurranse der temaet er FN. (16.02.10)
-
Ilona Szucs er frå Budapest i Ungarn og jobbar som musikklærar ved VVS og kulturskulane, Våga, Vinstra og Ringebu. Ilona er engasjert i eit treårig prosjekt som er finansiert av Vinstra VGS, kommunane i Midt- og Norddalen og regionrådet i Midt-Gudbrandsdal. Instrumentet som ho undervis i er klassisk fiolin. (15.02.10)
-
Pieterjan Robbe er utvekslingselev frå Roeselare i Belgia og starta ved VVS 20. august i 2009. Han snakkar imponerande godt norsk. Men han seier at han snakkar betre enn han skriv. Han får utfordringar av norsklærar Marit Knappskog som gjev han stiloppgåver. Når han tenker på dette vrir han seg litt i stolen og smiler skeivt til meg. (15.02.10)
-
I dag måndag 15. februar er det kome to elevar frå Jungmannschule Eckernförde i Tyskland til VVS. Elevane heiter Katrin Feierling-Sülzle og Jan-Ole Lüttmann og dei skal observere korleis ting er her. I veke 10 skal VVS sende to liknande «spionar» til Tyskland dvs. Ragnhild Brånå (2MD) og Astrid Skogvang (1MD). No skal Astrid og Ragnhild væra husvertar og fadrar for tyskarane. Denne elevutvekslinga er eit slags førprosjekt til noko som kanskje kan bli eit internasjonalt samarbeidsprosjekt om klima. For å kunne sette i gang med det kan dei 3 innvolverte skulane søke om midlar gjennom EU-programmet Comenius. (15.02.10)
-
2010 er året for diktaren og forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson. Rasmus Stauri som er norsk-lærar ved VVS har skrive ein artikkel om Bjørnsons forhold til folkehøgskulen, på oppdrag frå komiteen for Bjørnsonåret ved Nasjonalbiblioteket. (21.01.10)
-
IbsenStafetten er ein nasjonal teaterkonkurranse for elever i videregåande skule. Elevar inviteres til å delta i ein teaterstafett i 3 etappar med fylkesfinalar, semifinale og finale. (13.01.10)
-
(12.05.09)