Logoen vår

Logo for Valdres vidaregåande skule

Symbolikken i logoen er basert på Karin Wessels trådskulptur som heng over hovudinngangen. Logoen syner - akkurat som trådskulpturen - lause trådar som blir femndei midten, før dei til sist blir spreidde for alle vindar i den andre enden. Dette skildrar veldig godt det vi ynskjer skal kjenneteikne skulen vår - eit samlande og levande samfunn, der folk frå alle kantar samlast og blir førebudde til den lange vegen ut i verda.

Fargane i logoen skal symbolisere det jordnære og naturlege frå valdresnaturen opp mot det friske og ungdommelege livet i skulesamfunnet.

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01