Valdres vidaregående skule

Skulen vår

Skulen er ein av 13 vidaregåande skular i Oppland. Oppland fylkeskommune eig skulen. Målsetjinga er å førebu ungdom for yrke og samfunn og å hjelpe dei i personleg utvikling.

Skulen har 550 elevar og 135 tilsette fordelt på studieretningar for studiespesialisering, formgjevingsfag, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, restaurant- og matfag, elektrofag, helse- og sosialfag, service og samferdsel samt teknikk og industriell produksjon. Kvar studieretning har fleire liner og fleire årstrinn.

Skulen driv og Ung i Valdres som tilrettelegg for kultur- og fritidsaktivitetar, og Opus Valdres (opplærings- og utviklingssenter).

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01