Teknikk og industriell produksjon

Innanfor teknikk og industriell produksjon finn du ei rad utdanningsvegar og yrkesmoglegheiter. Med dette grunnlaget har du basisen du treng for å til dømes havne inn i store og små industri bedrifter, på skip eller oljeplattformar, i installasjonar for produksjon av olje og gass, i forsvaret, i store og små verkstader og på alle typer kjøretøy og anleggsmaskiner. 

Bilde av elev ved dreibenkStadig fleire arbeider i multinasjonale selskap, og skilnaden mellom bransjane er ikkje lengre så tydelege. Ute i arbeidslivet vil arbeidsoppgåvene vera mangfaldige og krevjande, og difor er også sikkerheitsforståing og kjennskap til nasjonale og internasjonale standardar og retningsliner ein del av faget.

Vi kan by på opplæring i moderne omgjevnader, i ein stor verkstad og på lab-rom der vi integrerer mykje av teorien i praksis. I løpet av skuleåra skal du bli meir sjølvstendig og kreativ slik at du etter kvart vil vera i stand til å ta inn oppdrag frå kundar i distriktet. Du vil også bli utplassert i løpet av skuletida slik at du får ein forsmak på arbeidslivet og forstår betre kva det dreier seg om i det verkelege livet.  

Vg2: Arbeidsmaskiner eller Kjøretøy

Bilde av elevValdres vidaregåande skule tilbyr ettårige kurs som byggjer på TIP for dei som ønskjer å bli landbruksmaskinmekanikar eller anleggsmaskinmekanikar. Denne studieretningen blir kalla Arbeidsmaskiner Vg2.

Programfaga her er feilsøking og reparasjon, dokumentasjon og kvalitet og prosjekt til fordjuping.

Bilde av elevSkulen vår tilbyr også eit eittårig kurs som bygger på TIP for deg som ønskjer å bli bilmekanikar på lette eller tunge kjøretøy, motormekanikar, motorsykkelmekanikar eller  som vil jobbe innan hjulutrustingsfaget eller reservedelsfaget. Denne studieretningen blir kalla Kjøretøy Vg2. 

Programfag her er verkstadarbeid, dokumentasjon og kvalitet og prosjekt til fordjuping.

Fellesfag på Vg2 er norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving.

Omlag 60% av undervisninga i programfaga er praksis og går føre seg i verkstaden.

Faget prosjekt til fordjuping går normalt føre seg ute på ein vald verkstad ein dag i veka.

Bilde av elevArbeidsoppgåver på teknikk og industriell produksjon blir løyste både i grupper to og to eller fleire og enkeltvis.
Rettleiingatida blir i hovudsak gjennomført i verkstaden.

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01