Mange studium krev spesiell studiekompetanse (til dømes medisinstudiet, veterinærstudiet, sivilingeniørstudiet og økonomiske fag ved BI). Denne spesielle studiekompetansen får du berre ved å velje spesielle fagkombinasjonar i det studiespesialiserande programmet.
Dersom du vel studiespesialiserande program, vil svært mange utdanningsvegar vere opne for deg. Samfunnet treng i stor grad folk som ikkje har spesialisert seg for tidleg og som har ei brei og solid allmennutdanning.
Fag og organisering
Vg1
Det fyrste året består av allmenne fag. Nokre av timane er rettleiingstimar der du skal arbeide sjølvstendig med faget og det ikkje skal vere så mykje tavleundervisning.
Dei faga du har skal ha på Vg1, er norsk, matematikk, naturfag, engelsk, 2. framandspråk, samfunnsfag, geografi og kroppsøving
I matematikk og 2. framandspråk vel du mellom to ulike variantar. Matematikk er delt inn i praktisk (P) og teoretisk (T). 2. framandspråk er delt inn i framandspråk nivå I og nivå II. Matematikk P er for deg som vil lære om matematiske ting du kan få bruk for i kvardagen, som t.d. personleg økonomi og statistikk. Med matematikk P kan du ikkje velje matte som programfag i Vg2. Matematikk T er for deg som har tenkt deg vidare med noko du treng matematikk til. Stoffet er meir teoretisk enn det er i Matematikk T, og du vil trenge det om du skal velje matte som programfag i Vg2.
Framandspråk nivå II er det eventuelle framanspråket du har hatt som valfag på ungdomsskulen. Du held fram med dette språket i to år. Framandspråk II ligg på eit høgare nivå enn Framandspråk I. Framandspråk I er eit nytt framandspråk som du byrjar med på vidaregåande. Dette skal du halde på med i to år. Du byrjar heilt frå botnen med dette språket, difor ligg det på eit lågare nivå enn Framandspråk II. Dei som ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen må på Valdres vidaregåande skule ha Tysk 1 på Vg1 og Vg2, og i tillegg ha Tysk 2 på Vg3.
Naturfag, engelsk, samfunnsfag og geografi er avsluttande i Vg1, dvs. at du får standpunktkarakter etter dette året.
Du kan bli trekt ut til maksimalt ein eksamen i Vg1, anten skriftleg eller muntleg.
Vg2
I Vg2 skal du ha 15 timar fellesfag i veka og 15 timar programfag. Programfaga er fag du vel sjølv og som du har lyst til å spesialisere deg i. Det er to hovudblokker desse faga er delt inn i, nemleg realfag og språk- og samfunnsfag. Kvart fag har du 5 timar i veka, altså skal du velje tre fag. Du skal velje minst to fag frå den same blokka, altså anten to fag frå realfag eller frå språk- og samfunnsfag. Det tredje faget kan anten vere frå den andre blokka eller frå den same. Du kan også velje eitt ekstra fag. Då får du fleire timar og fleire studiepoeng.
Fellesfag på Vg2 er norsk, historie, matematikk, 2. framandspråk og kroppsøving.
Programfaga kan du lese meir om under hovudområda realfag og språk og samfunnsfag i menyen til høyre.
Dersom du valde matematikk som programfag, skal du ikkje ha den obligatoriske matematikken på tre timar i veka. Du kan i staden velje programfaget Matematikk X (3 timar) og får då til saman 8 timar matematikk i veka.
Matematikk er avsluttande etter Vg2.
2. framandspråk er også avsluttande for dei som har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen. Dei som ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen må på Valdres vidaregåande skule ha Tysk 1 på Vg1 og Vg2, og i tillegg ha Tysk 2 på Vg3.
Du kjem opp til éin eksamen etter Vg2, anten skriftleg eller munnleg.
Vg3
Det tredje og siste året på studiespesialiserande er også timane fordelte med omlag halvparten fellesfag og halvparten programfag. Du må halde fram med minst to av faga du valde i Vg2. Dei to faga du skal halde fram med, må vere frå same blokka.
Fellesfaga på Vg3 er norsk, historie, religion og etikk og kroppsøving.
Programfaga er i hovudsak dei same som på Vg2.
Elev: Trude Hagaseth
Kva synest du om programområdet du går på?
"Bra. Det er lærerikt, og du får brei kompetanse av å gå på studiespesialiserande."
Kvifor valde du dette programområdet?
"Eg valde det fyrst og fremst fordi eg ikkje veit kva eg vil bli, men at eg vil gå vidare etter vidaregåande."
Kva har du tenkt å gjere vidare etter vidaregåande?
"Studere i Oslo eller på Lillehammer. Kanskje psykologi?"
Elev: Lars-Oddvar Haraldsen
Kva synes du om programområdet du går på?
"Det er bra. Dersom du har vilje til å lære, lærer du mykje."
Kvifor valde du dette programområdet?
"Fordi det var det som passa best, det gjev best moglegheiter sidan eg har tenkt å gå vidare med høgare utdanning."
Kva har du tenkt å gjere vidare etter vidaregåande?
"Eg veit ikkje, men eg ser for meg ei linje på anten UiO eller NTNU."
Fagkatalogen for studiespesialisering, formgjevingsfag og idrettsfag finn du her: Fagkatalog
Her finn du liste over programfag som tilbys skuleåret 2011-2012.