Service og samferdsel

Dette studiet er for deg som ynskjer arbeid innan handel, reiseliv eller transport. Opplæringa vil skje i nært samarbeid med næringslivet. Dette vil gje deg god innsikt i moglegheitene som arbeidslivet i Valdres kan gje deg, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I løpet av skuleåret vil du få vera med på bedriftsbesøk og utplassering.

illustrasjonI Noreg er det om lag 126.000 arbeidsplassar innan reiseliv. Dette er den bransjen som aukar mest internasjonalt. Som faglært kan du ha din arbeidsplass innan ei rekke verksemder. Vi nemner hotellbedrifter (resepsjon, booking, aktivitetar), turistkontor, reisebyrå, turoperatørar, ferjerederi m.m. Med den grunnopplæringa du får innan marknadsføring, kan du også arbeide innan andre bransjer, som til dømes handels- og servicebedrifter.  

TruckkjøringDu vil få grunnleggjande opplæring i sal og marknadsføring. Same kva du skal bli så har du ein fordel om du kan sal. Berre tenk med deg sjølv: Likar du god service? Det kan du lære meir om på skulen. Då har du ein ekstra fordel i forhold til andre. Du vil også lære å styre din eigen økonomi, og økonomien i ei lita bedrift. 

Du kan velje...
...å ta fagbrev i logistikkfaget (delelager og vareflyt) eller yrkessjåførfaget. Vi har godt samarbeid med næringslivet i Valdres, der du kan få mykje utplassering. Du vil lære mykje innan person- og godstransport. Er du under 18 år, får du ein del av køyreopplæringa til klasse B på skulen. Er du over 18 år og har klasse B? I såfall har vi ei særs gunstig avtale med ein lokal trafikkskule for å ta førarkart klasse C.Veileding Ein del av teoriopplæringa kan du ta ved skulen vår. Vi gjev deg undervisning i truckkjøring, slik at du kan ta truckførerbevis og Farleg gods (ADR). 

Effektivitet er framtida!
Dette faget vil gje deg kunnskap for å kunne sikre effektiv og sikker transport av både varer og menneske. Faget vil også gje deg opplæring i bruk av digitale verktøy for informasjonssøking.

Utan transport og logistikk stoppar Noreg! 

Helge Nilsen 17 år, elev, Heggenes
Eg har alltid hatt ei stor interesse for store kjøretøy, så valet var lett for meg. Etter Vg1 søkjer eg meg til Vg2 transportfag på Våler, og deretter vil eg sikre meg fagbrevet, og bli lastebilsjåfør. Vi har veldig flinke og hyggelege lærarar, og ikkje minst eit godt miljø

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01