Helse- og sosialfag

Helse- og sosialfag er eit toårig programområde for deg som liker å arbeide med menneske og har omsorg for dei rundt deg. Dette er ei yrkesfagline, men du vil likevel få opplæring også i allmenne fag.

Fag og organisering 

Vg1


I første klasse, på Vg1, vil du få følgjande fellesfag: Engelsk, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk
Felles programfag: Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesutøving.

Kva lærer du i desse programfaga?
Helsefremjande arbeid tek for seg samanhengen mellom livsstil og fysisk og psykisk helse. Her er fokus helse og livsstil og det å ta vare på eiga helse. Hygiene, kost og ernæring, fyrstehjelp, anatomi og fysiologi er også deler av dette faget. Her er arbeidsmetodane blant anna praktisk kjøkken, PC og mappearbeid.


Kommunikasjon og samhandling handlar om å bli bevisst sin eigen oppførsel og veremåte overfor brukaren. Det handlar også om dei krava som samfunnet knyter til yrkesutøvaren.

Helsefagarbeider

 

Yrkesutøving handlar om korleis oppvekst-, helse-, og sosialtenestene er bygd opp. Programfaget tar også for seg sentrale lover og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet.

 

I første klasse på helse- og sosialfag brukar vi varierte arbeidsmetodar. Gruppearbeid, samarbeidslæring og plakatlaging er viktig, og det vil også bli tavleundervisning. Du vil få tverrfagleg prosjekt og mappearbeid. Du vil også få "prosjekt til fordjuping", dette omfattar mellom anna utplassering. Utplasseringa skal vere ei hjelp til å velje yrke og ta riktige val. Du skal vere utplassert tre periodar i løpet av året, ein periode på 6 dagar og to periodar på to veker. I løpet av desse periodane må du ha vore på minst to ulike plassar, helst tre. Etter kvar periode skal du skrive ein logg, og du vil få ein karakter.

Vg2


På Vg2 Helse- og sosialfag har Valdres vidaregåande skule to tilbod du kan velje mellom: Helsefagarbeidar og Barne- og ungdomsarbeidar.

Barne- og ungdomsarbeidar

Barn og ungdomsarbeiderDersom du i andre klasse vel Barne- og ungdomsarbeidar, vil du få desse fellesfaga: Kroppsøving, norsk, samfunnskunnskap og engelsk.

Programfaga er: Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesutøving. Desse programfaga vil vere noko annleis i andre klasse enn i første klasse. No vil dei ta for seg følgjande tema:

Helsefremjande arbeid: Korleis fysisk og psykisk helse og positiv sjølvkjensle kan bli stimulert. Tema som kjønnsroller, mobbing, sjølvkjensle og rasisme er ein del av programmet. Det handlar også mykje om trygg og sunn mat for barn og unge.

Kommunikasjon og samhandling: Korleis ein kan stimulere vekst og utvikling hos barn og unge med ulik livssituasjon og funksjonsnivå. Sosialiseringsprosessen, utvikling av sosial kompetanse, empati, respekt og toleranse inngår òg i faget.

Yrkesutøving: Barn og unges oppvekstvilkår i eit fleirkulturelt og mediepåvirka samfunn. Observasjon, planlegging, dokumentasjon, motivering, vurdering av val og hensiktsmessige pedagogiske metodar er grunnleggjande i programmet.

Fire dagar i veka følgjer elevane vanleg timeplan. Ein dag i veka er sett av til prosjekt til fordjuping. I år har tre elevar valt praksis i bedrift (barnehagar og skular), medan resten av klassen har starta ei elevbedrift der forretningsideen er å skrive ei barnebok på valdresdialekt. Begge desse vala gjev elevane brei og relevant erfaring.

Elevane har også ei veke praksis i første og andre termin. Då er dei utplassert i skular, barnehagar, SFO og blant funksjonshemma.

Helsefagarbeidar
Helsearbeidarfaget går ut på å arbeide nær menneske både fysisk og psykisk. Som helsefagarbeidar kan du jobbe på sjukehus, sjukeheim, i psykiatrien, med psykisk utviklingshemma og i heimetenesta.

For å bli helsefagarbeidar må du kunne respektere ulike typar menneske og like å arbeide med menneske.

I denne studieretninga er det også helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling og yrkesutøving, men faga har eit litt anna innhald:

Helsefremjande arbeid handlar om kva levevaner, fysisk aktivitet og kosthald betyr for å forebyggje sjukdom og fremje helse.

Kommunikasjon og samhandling handlar om kva dette betyr for menneske med ulike behov for helse- eller sosialhjelp.

Yrkesutøving handlarom korleis ein skal byggje arbeidet på eit heilskapleg menneskesyn.

I prosjekt til fordjuping får elevane prøve i praksis det dei har lært i teorien på skulen, då er dei utplassert ein dag i veka. Dette kan vere ei hjelp til å finne ut om dei har valt rett studieretning.

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01