På Vg1 elektrofag har vi ei blanding av praksis og teori. Elevane får prøve seg innanfor eit breitt spekter av elektro, elektronikk og data. Dei koplar opp kretsar for å sjå korleis ting verkar.
Noko av det vi driv med, er verkemåten til datamaskinar, trådlause rutarar, nettverk, elektroniske komponentar, programmering og styring av robot, lodding, å lage enkle forsterkarar, platearbeid, motorstyring, installasjon av brytarar/stikkontaktar/lamper, surround-anlegg, kopling av lyd og bilete-produkt pluss mykje meir.
Vi arbeider for å forstå system av elektriske komponentar i ein heim. Korleis skal vi kople dei, og korleis verkar dei eigentleg?
Yrkesval
Du har i alt 9 val, og 4 av dei kan det vere mogleg å gjennomføre i Valdres. Det er elektrikar, energimontør, energioperatør (Kraftstasjonar) og elektroreparatørfaget. Det ser ut til at alle på elektro Vg2 skal kunne få seg lærekontrakt. Hugs at du også kan gå vidare til høgre utdanning. Lykke til med valet ditt.
Fag og organisering
Vg1
Fellesfag: Norsk, engelsk, naturfag, matte og kroppsøving.
Programfag: Data og elektronikk, el-energi, automatiseringssystem og prosjekt til fordjuping.
Vg2
På elektrolinja her har vi 3 programfag: El-energisystem, automatiseringssystem og data-elektronikksystem. Vi har 9 timar fordjuping der elevane stort sett er utplassert i el-bedrifter.
Det er også mogleg å ta fleire fag på Vg2 nivå dersom du ikkje er sikker på vala dine Nokre tek allmennfagleg påbygging etter Vg2 og eventuelt fagbrev, sidan det er fleire som ynskjer seg ei ingeniørutdanning.
I faget automatisering (sjå biletet) arbeider vi også mykje med koplingar, vi testar ut og simulerer.
I data- og elektronikksystem lærer vi om data, datakomponentar og elektroniske krinsar. Vi lærer om ulike kommunikasjonsnett og om elektronisk utstyr som blir brukt meir og meir i det daglege. Faget er i konstant utvikling, noko som er med på å gjere det både interessant og utfordrande.
Elevane skal opp til tverrfaglig praktisk eksamen ved skoleslutt, difor vektlegg vi meir og meir praktiske ferdigheiter der sikkerheit står i sentrum.
Elevane: Ole Martin Helle og Jon Hilmen
"Me valde elektrofag fordi det ikkje noko anna me hadde lyst til, og fordi det er moro med data. Det er bra miljø, vi får leike med lego og har mykje moro. Det er også gode lærarar. Etter vidaregåande vil me jobbe som elektrikar eller med bilelektronikk.