Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.
Etter å ha gått bygg- og anleggsteknikk, kan du bli rørleggjar, blikkenslagar, anleggsmaskinførar, målar, tømrar med meir.
Fag og organisering
Vg1
I fyrste klasse, på Vg1, vil du få desse fellesfaga: Engelsk, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk
Felles progranfag: Produksjon, teikning og bransjelære
Du får også moglegheiter til fordjuping innan eitt eller fleire fagområde ved å søkje arbeid i lokale bedrifter innan bygg- og anleggsteknikk. Dette blir kalla "prosjekt til fordjuping" og du kan vere ute i næringslivet i opptil 25 skoledagar.
Vg2
På Vg2 vil du få desse fellesfaga: Engelsk, kroppsøving, norsk og samfunnsfag.
Felles programfag: Produksjon og bransjelære.
Andre året er tilbodet ved Valdres vidaregåande skule byggteknikk. Byggteknikk omfattar oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg, aktivitetar som er med på å skape og bevare store samfunnsverdiar. Programfaga skal vere med på å utvikle gode bu- og arbeidsmiljø som tilfredstiller samfunnet sine krav til bygningar, anlegg og konstruksjonar. Vidare skal programfaga vere med på å å utvikle dyktige handverkarar og fagarbeidarar som kan stimulere til auka verdiskaping og sikre trygge og miljøvennlege buforhold.
På bygg- og anleggsteknikk får du vere med å byggje ein einebustad med bruk av materialar som tre, mur, stål, betong og stillasmateriell. I tillegg lærer du å bruke ulike typar verktøy og maskinar. Helse, miljø, sikkerheit og kvalitetsikring er viktige element. Bruk av lover, forskrifter, teikningslesing og dokumentasjon står også sentralt i opplæringa.
Elevane: Tor Andre Rakstad og Sondre Aastveit
"Me likar oss godt på bygg, og det er fint å gå ei linje med så mykje praktisk arbeid. Me valde denne studieretninga fordi det var noko me hadde lyst til å drive med, spesielt i framtida. Etter vidaregåande kunne me tenkje oss å vere lærlingar, ta meisterbrev - og reise i militæret"