I forbindelse med faget treningsledelse som er ein del av idrettslinja ved skulen er eit av prosjekta å arrangere eit arrangement i løpet av året. Arbeidet for 3. klassen byrja i haust og planlegginga har heldt på sidan starten for å jobbe med utforminga av arrangementet, sponsorar, tilrettelegging også vidare. Alle elevane i klassa hadde sine oppgåver fordelt på ulike grupper, og sjef for arrangementet, Marianne Tronrud, hadde dette å seie om arbeidet:
- Eg er veldig nøgd med arbeidet folket i klassa gjorde, og ikkje minst med resultatet. Også vil eg takke alle i klassa for ein god jobb, Nordea som sponsa oss med premiar og ikkje minst Stein Knutsen som kom med gode innspel undervegs.
Sjølve arrangementet fann stad i Valdreshallen fredag 4. desember der ni 10. klasselag frå Valdres var samla, fire på jentesida og fem på gutesida. Turneringa gjekk føre seg med innleiande runder spelt på tid, før finalene tok til med skikkelege sett. Alle jentelaga kom til semifinale, men til finalen gjekk Nord Aurdal og Øystre Slidre, der øystreslidringane tok sigeren. På gutesida kunne ikkje klassekameratane vere dårlegare og tilslutt rundtspelte også gutane frå ØSBUS motstandarane frå Sør Aurdal – Cowboys from Hell. Som avslutning på turneringa fekk vinnerlaga sjansen til å bryne seg mot eit impulslag frå 3. klasse, men det er nok ikkje heilt tid for utklassing enno. Potensielle volleyballspelarar i 10. klasse får heller søke seg inn på idrettsfag ved Valdres vgs til neste år for å vekse seg til nye høgder.