Opplands beste sveiser

Bilde av Håvard Volden

Elevar frå Valdres vidaregåande skule gjorde nesten reint bord ved fylkesmesterskapet i sveising på Lillehammer  denne veka.

Håvard Volden og Petter Leirhol viste korleis sveis skulle utførast ved å bli nr 1 og 3 ved det årlege fylkesmesterskapet som vart arrengert ved Vargstad videregående skule på Lillehammer onsdag denne veka.

Båe går på TIP (teknikk og industriell produksjon) ved Valdres vidaregåande skule.

Dei kvalifiserte seg fyst ved uttak ved eigen skule, og under fylkesmesterskapet var det berre ein elev frå Vargstad vdg. som greide å splitte desse to.

Håvard blir nå fylkets representant ved Østlandsmesterskapet i sveising for VG 1-elever  som går på Kongsberg, den 12. mai, og Petter blir 2. vara.

I mellomtida skal vi glede oss over desse sterke prestasjonane, og vi som kjenner Håvard, veit at han vil representere Valdres på ein fantastisk måte også på Kongsberg.

Valdres vidaregåande skule, Yrkesskulevegen 2, 2920 Leira Telefon 61 35 66 00 Telefaks 61 35 66 01