Her nemner vi nokre miljøpunkt:
Alle elevane og tilsette skal bli flinkare til å sortere avfall. Skulen går over til ny renovatør, og det vil bli fleire endringar innan dette området etter kvart. Eit anna område som vil få meir miljøprofilering er kantina, der målet vil vere å redusere den totale avfallsmengda. Det tydelegaste beviset på at skulen er inne i prosessen, er alle oppslaga rundt om i bygga.
Målet er å ta meir miljøhensyn og samstundes spare økonomi. Dette får vi til gjennom ein bevisstgjeringsprosess, som skulen vil ta tak i heilt frå skulestart.
Vi har no innført porselen i kantina, gått over til ny renovatør som leverer nye avfallskonteinere til gangane og fjerna utvendige avfallsdunker pga forsikringskrav.
