Målstreken – kvifor går så mange over til bokmål som hovudmål?
Prosjektet Målstreken, eit prosjekt i regi av Valdres Mållag, tek for seg problematikken kring språkskifte. Dei fleste lærarar har merka seg at svært mange skiftar frå nynorsk til bokmål i løpet av skulegangen. For å få talfesta dette, og for å finne ut kvifor det skjer, vart det våren 2009 utført ei spørjeundersøking mellom alle elevane ved Valdres vgs.
Tala viser at så mange som 75% av elevane skifter målform i løpet av dei 10 åra dei går på skulen. Heile rapporten frå denne undersøkinga kan du lesa her. Målet med prosjektet Målstreken er å motivere ungdommar i grunnskulen og den vidaregåande skulen til å halde på nynorsk som hovudmål. Nokre viktige resultat:
- Overgangen skjer tidlegare enn ein har trudd: mellom barneskule og ungdomsskule.
- Det er lettare å skifte hovudmål i ein kommune med både nynorsk og bokmål.
- Fleire jenter enn gutar forlet nynorsken.
- Alle likar å prate og skrive dialekt, men det er ikkje dermed sagt at dei likar å skrive nynorsk..
- ”Innflyttarforeldre” er ikkje årsaka til språkskiftet.
- Nynorskbrukarar har dårlegare forhold til hovudmålet sitt enn bokmålsbrukarar har til hovudmålet sitt.
- Nynorskbrukarar knyter estetiske og moralske verdiar til språkvalet sitt.
- Dei fleste er positive til at nynorsk blir brukt i Valdres, sjølv om dei ikkje vil skrive det sjølve.
Du kan lesa heile rapporten her.